Key Lime Pie

nydelig kakeKey Lime Pie er ein kjend pai eller kake som stammar frå Key West sør for Florida. Kaka har lime, søt kondensert mjølk og egg som fyll -ein kombinasjon som er heilt fantastisk synest eg som er over gjennomsnittet glad i lime!

I paien skal ein helst bruke Key Lime som gjerne er litt gulare og smakar litt meir enn den persiske limen vi finn i butikken her heime. Men no har ikkje eg vore i Key West (enno) så utan moglegheit for samanlikning synest eg at vanleg lime gjer susen, denne kake er heilt utruleg nydeleg! Men crunchy og søt kjeksbotn og nydeleg sursøt fyll har dette alt som ei kake skal ha. Som bonus er den lett å lage og krev lite steiketid. Opprinneleg steikte ein ikkje kaka i det heile, fordi blandinga av syrleg limejuice og søt kondensert mjølk gjer at massen stivnar av seg sjølv. Ein snartur i omnen gjer likevel at massen stivnar litt ekstra og ein får varmebehandla egga om nokon er redde for det.

key lime pieKaka kan pyntast med marengs eller krem, eg har brukt krem denne gongen og oppskrifta er til ei lita form på 20 cm. Vil du lage i ei form som er 22-24 cm kan du gjerne doble oppskrifta slik at du får ei høg og fin kake.

key lime paiTil ei 20 cm kakeform treng du:

Botn:

  • 150 g kjeks (digestive/bixit)
  • 75 g smør
  • 1 ss sukker

Fyll:

  • 4 eggeplommer
  • 1 boks (400 g) søt kondensert mjølk
  • 2 dl limejuice (saft frå 5-6 lime)
  • Skal frå 4 lime

Pynt:

  • 1 dl kremfløyte
  • 1 ss sukker

lime kakeknus kjekskakekey lime pieSlik gjer du:

  1. Set omnen på 180 grader over- og undervarme.
  2. Knus kjeks i ei matmølle, eller legg i ein pose og knus, bland godt med sukker og smelta smør.
  3. Press utover i botnen og oppover langs sida i ei bakepapirkledd og smurt kakeform. Bruk baksida av ei spiseskei og klem godt ned.
  4. Set forma i kjøleskap medan du gjer klar fyllet.
  5. Riv limeskal med eit zesterjarn eller eit fint rivjarn. Prøv å få med berre det grøne av skalet. Press limejuice og mål opp 2 dl.
  6. Visp saman eggeplommene og ha i søt kondensert mjølk litt etter litt medan du vispar. Visp til det er luftig. Vend inn limeskal og limejuice.
  7. Ha fyllet i paiskalet og steik midt i omnen i 20 min, til fyllet har stivna men dissar litt i midten. Avkjøl og set så i kjøleskap i 2-3 timar før servering.
  8. Visp kremfløyta luftig med sukkeret og pynt paien rett før servering. Strø gjerne litt limeskal over.
key lime pie farsdag kake key lime kake

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.