Kyllinglår med estragonsaus

Kyllinglår med estragonsaus er ein mild rett med gode smakar. Estragon både luktar og smakar nydeleg, og gjer heile sausen i denne retten. Finn du frisk estragon på butikken, eller i hagen, anbefalar eg å nytte det. Med friske krydderurter kan du auke mengden krydder, og smaken blir endå betre. Har du ikkje friske krydder tilgjengeleg brukar du tørka estragon slik eg gjorde denne gongen.

Kyllinglår med estragonsaus

kvitløk

Kyllinglåra tek litt tid i gryta, men då kan jo du gjere heilt andre ting, for dette lagar seg heilt sjølv. Vi serverer ris til og det finn du framgongsmåte for i oppskrifta under. I tillegg til ris kan du gjerne servere noko grønt til, brokkoli og aspargesbønner er perfekt til. Oppskrifta fann eg opprinneleg frå Lise Finckenhagen, men eg har gjort nokre småjusteringar etterkvart for å tilpasse det til oss og utvalet i kjøkkenskapa.

Kyllinglår med estragonsaus

PS. Eg kjøper ofte økologiske kyllinglår når eg skal kjøpe kylling, og har oppdaga at dei nesten alltid finnast i frysedisken på Rema. Glimrande for oss som ikkje bur i verdas navle og får tak i alt ein skulle ønskje. Bonusen er at du sit igjen med perfekte bein som du kan koke kyllingkraft på. Eit lite tips frå meg til deg der altså!

Kyllinglår med estragonsaus

Oppskrift på Kyllinglår med estragonsaus

2-3 porsjonar / Tid: 60 min

Kyllinglår

  • 2 kyllinglår
  • 10 fedd kvitløk
  • 1 ss kvitvinseddik
  • 2 dl kyllingkraft
  • 2 dl fløyte
  • 1 ss klarna smør/smør + olje
  • 1 ss tørka estragon (1 dl frisk estragon)
  • salt og pepar

Kokt ris

  • 2 dl jasminris
  • 4 dl vatn
  • 1 klype salt
  1. Krydre kyllinglåra med salt og pepar. Smelt klarna smør eller smør og litt olje i ei vid gryte og brun kyllinglåra på begge sider. Ta dei så ut og legg til side.

  2. Fres kvitløksfedda, med skalet på, til dei er gylne. Ha i estragon og la det steike med til det luktar godt av krydder. Ha i kyllingkraft, kvitvinseddik og fløyte. Gi det eit oppkok og legg så kyllinglåra i gryta igjen. Legg på eit lokk og la trekke/småputre til kjøtet losnar frå beinet. Ca 1 time.

  3. Kok ris ein halvtime før servering. Skyl risen godt i eit dørslag, og ha den så i ei lita kasserolle saman med vatn og salt. Kok opp og la småkoke under lokk, utan omrøring, til risen er mjuk å tygge og vatnet er fordampa. Dette tek ca 20 minutt.

  4. Server kyllinglår med ris og estragonsaus over.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.