Thai vårrullar

thai vårrullar

Desse Thai vårrullane, eller Thai Spring Rolls om du vil, har ein herleg frisk smak av koriander og thai fiskesaus. Du kan anten pensle dei og steike dei i steikeomn på 200 grader eller fritere dei i olje. Vi har testa begge deler, og synest dei var like gode med begge metodane.

Til omlag 35 vårrullar treng du:

  • 1 pakke vårrullpapir (Spring roll wrappers frå frysedisken)
  • 50-100 g vermicelli (tynne risnudlar)
  • 1 neve frisk koriander
  • 1-2 vårløk
  • 1 gulrot
  • 100 g kål
  • 100 g bønnespirar
  • 175 g kyllingkjøttdeig
  • 1 1/2 ss thai fiskesaus
  • 2 fedd kvitløk
  • Safta frå 1/2 lime
  • olje til steiking (t.d. solsikkeolje)

 

Slik gjer du:

  1. Legg vårrullpapiret på kjøkkenbenken for å tine (utan å opne pakningen dei ligg i).
  2. Bløytlegg vermicellien i varmt vatn i 20 min. Sil av vatnet og del opp i ca 4 cm lengder.
  3. Steik kyllingkjøttdeiga, set til side.
  4. Finhakk koriander, vårløk, kålblad, bønnespirer og kvitløk. Riv gulrota på eit fint rivjarn.
  5. Ha kylling, vermicelli og alle grønsakene i ein bolle. Ha over fiskesaus og limejuice og bland godt.
  6. Legg vårrullpapira mellom eit eller to fuktige håndkle, slik at dei ikkje tørkar ut medan du held på.
  7. Løsne forsiktig eit papir og legg 1 ss fyll (ja vårrullane er best når dei er små!) på papiret og brett inn og rull saman. Pensle med litt vatn på siste fliken før du legg den heilt inntil rullen.
  8. Legg vårrullane på eit bakepapirkledd steikebrett. (Her kan du fint pakke nokon i plast og legge i frysaren til seinare bruk).
brett vårrull how to wrap spring rolls hvordan brette vårruller korleis brette vårrullar vårruller

 

Steike i steikeomn:

  1. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.
  2. Pensle alle vårrullane med solsikkeolje.
  3. Steik vårrullane til dei er gyldne på toppen. Snu dei, pensle på undersida og steik vidare.
  4. Avhengig av omnen din tek det 5-10 min på kvar side. Følg med:)

Frityrsteike:

  1. Fyll ei lita kasserolle med ca 1 cm olje og varm opp. For å sjekke at oljen er varm nok set du skaftet av ei tresleiv ned i. Når det boblar opp rundt den er det klart for å fritere.
  2. Legg i ein vårrull og la den frese i oljen. Snu den slik at den blir steikt på begge sider. La renne av seg på eit kjøkkenpapir.

Servér thai vårrullar med sweet chili sauce til! Mmmmmm:)

vårrull

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.