Vekemeny 1

Godt nytt år!

I natt, rett før klokka tolv, byrja det å snø her hjå oss. Det betyr at vi vakna til eit kvitt og reint 2017. Og då er det jo umogleg å ikkje tenke symbolikk. Eit nytt år med blanke ark!

Vi er fullstappa med julemat og julegodt og gler oss til å kome tilbake til rutiner og kvardagslivet igjen. Men først skal vi berre gjere ein siste innsats med kakeselskap, vi har nemleg ein 8-åring som skal feirast i dag! Hurra!

Før 2016 rann ut rakk det akkurat å runde 50 000 følgjarar på Facebooksida til Kvardagsmat! Då skåla vi sjølvsagt for det også! Runde tal er jo unekteleg litt stas, og så mange er jo til å klype seg i armen av. Takk til alle engasjerte matblogglesarar!

Håper du får ei fin første veke i 2017!

Matglad helsing Anita (heilt utan nyttårsforsett -i år også)

Følg meg gjerne:
Snapchat, Instagram og Facebook – kvardagsmat

Mandag

lindrande linsesuppe

Varmande linsesuppe med gulrot og ingefær

Linsesuppe med gulrot og ingefær er varmande og lindrande på ein kald haustdag. Med krydder som også har andre funksjonar funkar denne perfekt om du kjenner på litt sår hals… Fortsett å les »

Tysdag

soyasmør

Steikt skrei med soyasmør og granateple

Steikt skrei med soyasmør og granateple er nydeleg god middag, og enkel å lage. Det vanskelegaste er å få ut frøa frå granateplet utan å dekorere alt rundt deg raudt…. Fortsett å les »

Onsdag

tomatsuppe

Tomatsuppe med ekstra vitamin

Visste du at paprika inneheld fire gongar så mykje c-vitamin som appelsin? Vi brukar mykje paprika her i heimen, både i supper, sausar, gratengar og smoothie. I denne suppa har… Fortsett å les »

Torsdag

fiskegrateng med erter

Fiskegrateng med erter

Fiskegrateng med erter har deilig muskatsmak frå kvit saus, er fluffy av stivpiska eggekviter og fylt med grøne, gode erter.

Fredag

tortilla med laks, avokado og spicy dressing

Tortilla med laks, avokado og spicy dressing

Tortilla med laks, avokado og spicy dressing er laga på under tretti minutt og er difor perfekt til rask middag ein heilt vanleg kvardag -men faktisk god nok til å… Fortsett å les »

Laurdag

brennsnut av fenalår

Brennsnut med fenalår

Brennsnut er ein av mine absolutte middagsfavorittar, og det eg tyr til oftast når det skal serverast mat til mange. Då vi inviterte familien til 7-års bursdag rett over nyttår… Fortsett å les »

Søndag

verdens beste finnbiff

Viltgryte med reinskav

Viltgryte med reinskav er haustgryte delux! Gode smakar kokt saman og servert rykande varmt med søtt syltetøy til og gjerne ei raus skei potetmos. All den kantarellen vi plukka tidlegare… Fortsett å les »

Noko godt

«Ostekake» i glas

Legg merke til at det står hermeteikn i overskrifta her. Denne desserten inneheld nemleg ikkje ost, men kremfløyte med vaniljefrø og sitronsaft. Saman med knasande kjeks og friske bær er… Fortsett å les »

Vekas brødmat

brød

Grovt langpannebrød

Langpannebrødet med rug og havre blei fort ein favoritt her på bloggen, og spørsmåla om ein grovare variant kom både på facebook, instagram og snapchat. Det måtte sjølvsagt la seg… Fortsett å les »

Sunn snack

raw almond treat

Rå mandelkonfekt

Rå mandelkonfekt Rå mandelkonfekt er ein vri av den nydelege rå snickers konfekten. Sidan eg kjenner fleire som ikkje toler peanøtter måtte vi lage ein versjon utan peanøttsmør og nøtter, slik… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.