
«Ostekake» i glas

Legg merke til at det står hermeteikn i overskrifta her. Denne desserten inneheld nemleg ikkje ost, men kremfløyte med vaniljefrø og sitronsaft. Saman med knasande kjeks og friske bær er dette ein nydeleg dessert som du lagar på 1-2-3!
«Ostekake» i glas
Til 6-7 glas treng du:
- 8-10 Digestivekjeks
- 3 dl kremfløyte
- 1 vaniljestang
- 1 ts sitronsaft
- 2 ss kokossukker eller vanleg sukker
- 1 korg bringebær eller andre bær

Slik gjer du:
- Skyll bringebæra godt og la dei renne av seg.
- Del vaniljestanga i to og skrap ut frøa ved hjelp av ei teskei. Ha vaniljefrø, sukker, sitornsaft og kremfløyte i ein bolle og visp til mjuk krem.
- Ha kjeksa i ei brødpose og knus dei.
- Legg kjeks, krem og bær lagvis og server med ein gong:)

Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.