Steikt skrei med soyasmør og granateple

Steikt skrei med soyasmør og granateple er nydeleg god middag, og enkel å lage. Det vanskelegaste er å få ut frøa frå granateplet utan å dekorere alt rundt deg raudt. Men det finnast triks for det også. Les under her.

soyasmør
Den enklaste måten å få ut alle frøa på har eg funne på YouTube. Der kan ein finne det aller mest. Kjapt forklart gjer ein som følgjer. Del granateplet i to. Legg eine halva i handa di med snittflata ned og bank hard på skallet med ei sleiv. Ha ei mellomstor skål under og vips: alle frø/kjernene i skåla, og skallet ligg i igjen i handa. Okey då…ikkje heilt vips -meir som bank, bank, bank, bank…losne litt…bank, bank, bank. Men du skjønnar konseptet;)

Steikt skrei med soyasmør og granateple
I lag med det søte og syrlege granateplet er det deilig salt soyasmør som gjer at denne fiskeretten blir ein nydeleg kvardagsmiddag.

Steikt skrei med soyasmør og granateple

skrei med soyasmør og granateple
Fleire oppskrifter med skrei/torsk? Sjekk ut her.

 

Oppskrift på Steikt skrei med soyasmør og granateple

3-4 porsjonar / Tid: 20 min

  • 600-800 g skrei (torsk)
  • ca 500 g nudlar
  • 1 granateple
  • 75 g smør
  • 0,5 dl soyasaus
  • Salt og pepar
  • Frisk bladpersille
  1. Kok nudlane etter instruksjon på pakken.

  2. Ta ut frøa/kjernene frå granateplet.

  3. Del skreien i porsjonstykker, krydre med salt og pepar og steik i litt smør. Bruk middels-høg varme, og la fiskestykka bli gyllenbrune på eine sida før du snur til andre. Snu berre ein gong.

  4. Ta fiskestykka ut av panna og smelt resten av smøret. Rør inn soyasausen.

  5. Server nudlar og fisk toppa med granateple, soyasmør og friske urter. Mmmm! Velbekomme:)

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.