Vekemeny 46

Hei veke 46, der var du ja! Halvvegs i november, og klar for å byrje å tenkje på julebaksten, julegåvene og logistikken fram mot jula. Snart i alle fall!

 

Denne veka har vore herleg full av aktivitetar som vanleg, med eit kjært avbrekk ein kveld med vinsmaking og sju rettars middag på Rekkedal Gjestehus (mykje av nettsida er under arbeid), som verkeleg kan anbefalast. Eldsjeler som har klart å skape noko eige, og som framleis (etter så mange år) ser alle sine gjestar og går runden for å helse på. Imponerande og absolutt verdt å heie vidare på!

vekemeny 46

Om du følgjer meg på Snapchat (kvardagsmat) har du sikkert sett at vi prøvde oss på pepperkakebakst denne veka. Eg testa ei ny oppskrift, og resultatet blei noko utflytande..! Men med justeringar blei det bra, og smaken var upåklageleg. Det er ingenting som luktar meir førjulstid enn når sirup og krydder står til kok på komfyren for å bli pepperkakedeig. Ei av dei enklaste deigene å lage, du må berre hugse å lage den dagen før den skal nyttast;)

pepperkaker

Å lage vekemeny er noko av det eg verkeleg har byrja å setje pris på ved blogginga. Tid til å oppsummere veka som har gått og planleggje den neste. Det er svært sjeldan vi følgjer vekemenyen som eg legg ut, her ligg vi litt i førekant heile tida, men den gjev likevel inspirasjon når ny meny skal tenkjast ut her i heimen. Ofte kan ei ny oppskrift kome som resultat av det som er ute på bloggen.

Då håpar eg sjølvsagt at du óg finn inspirasjon i rettane under og lagar noko godt denne novemberveka.
Ha ei fin ei!

 

Mandag

enchilladas

Enchiladas med bønner

Enchiladas med bønner Enchiladas med bønner og spicy tomatsaus er finfin fredagskveldmat å servere som variasjon til den tradisjonelle tacoen. Deilig krydra tomatsaus rulla inn i ei mjuk lefse med… Fortsett å les »

Tysdag

Jukse-bacalao

Mitt første møte med heimelaga Bacalao var på Lofoten Folkehøgskule for over ti år sidan -forøvrig ein folkehøgskule som anbefalast på det varmaste for dei som er så heldige å… Fortsett å les »

Onsdag

betasuppe

Restesuppe med fårikål

Har du laga fårikål og fått restar? Heldiggris! Eller så er du erfaren og veit at det alltid løner seg å lage for mykje fårikål. Det er jo ein av… Fortsett å les »

Torsdag

Enkel kyllingform med spinat og soltørka tomat

Denne forma er mild og god og er enkel å servere til mange. Eg serverte den med fullkornpasta slik at det var eit alternativ å berre ete pasta for dei… Fortsett å les »

Fredag

tacograteng

Tacograteng

Tacograteng er fylt med steikt løk, kjøttdeig, mais, hakka tomat og tacokrydder. Toppa med smelta ost og gratinert i omnen er den perfekt å setje på bordet saman med nachos… Fortsett å les »

Laurdag

biff med bernaise

Biff med bearnaisesaus og hasselbackpoteter

Biff med bearnaisesaus og hasselbackpoteter er skikkeleg laurdagskveldmiddag med noko raudt i glaset til. Hasselbackpoteter blei ein favoritt her i heimen frå første gong vi laga det. Du deler potetene… Fortsett å les »

Søndag

verdens beste finnbiff

Viltgryte med reinskav

Viltgryte med reinskav er haustgryte delux! Gode smakar kokt saman og servert rykande varmt med søtt syltetøy til og gjerne ei raus skei potetmos. All den kantarellen vi plukka tidlegare… Fortsett å les »

Noko godt

Kokosbollar

På instagram har eg tidlegare publisert Kokosbollar, til stor begeistring. I denne versjonen er sukkeret meir enn halvert, og oppskrifta er inspirert av ein av mine favoritt TV-kokkar og TV-serien… Fortsett å les »

Vekas brødmat

müslirundstykker med cottage cheese

Müslirundstykker med cottage cheese

Müslirundstykker med cottage cheese er ferdige på ein halvtime, og krev verken elting eller heving. Dei er naturleg glutenfrie sidan dei berre har havregryn og frø i seg, og ikkje… Fortsett å les »

Vekas kake

Kanelbollekake

Kanelbollekake

Kanelbollar er ein stor favoritt her i heimen, og inspirert av eit bilete eg såg på instagram blei det kanelbollekake i staden. Argumentet på det bilete var at det beste… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.