Kanelbollekake

kanelbollekakeKanelbollar er ein stor favoritt her i heimen, og inspirert av eit bilete eg såg på instagram blei det kanelbollekake i staden. Argumentet på det bilete var at det beste i ein kanelbolle er det mjuke i midten – og lagar du ei kanelbollekake blir det mykje meir av det i midten!

Dette var jo eit kjempe godt poeng, så kanelbollekake måtte det bli! Oppskrifta er sjølvsagt den knallgode som Morten Schakenda har kome med, ingen grunn til å bytte ut den:)

Til ei stor langpanne eller to små treng du:

  • 1 kg kveitemjøl
  • 5 dl H-mjølk (37 grader)
  • 150 g sukker
  • 1 ts salt
  • 1 ts kardemomme
  • 1 egg
  • 1 pk tørrgjær
  • 150 g smør i terningar

Fyll:

  • Smør
  • Kanel
  • Sukker

Pynt:

  • 1 egg
  • 3-4 ss melis
  • 1 ts vatn
  • Perlesukker
kanel i svingane kanelbulle

Slik gjer du:

  1. Ha alle ingrediensane, unnateke smøret, i ei kjøkkenmaskin. Elt på sakte-middels fart i ca 10 min til du har ei deig som slepp bakebollen.
  2. Ha i smøret, delt i terningar, og elt vidare i ca 10 min.
  3. Dekk med plast og la heve så lenge du har tid, gjerne to timar.
  4. Kjevle deiga til eit stort rektangel. Smør den og strø over kanel og sukker.
  5. Rull saman til ei lang pølse og del opp i 1 cm tjukke skiver med ein skarp kniv.
  6. Legg 12 kanelbollar i ei halvform dekka med bakepapir, med ca 1 cm mellomrom mellom kvar.
  7. La etterheve medan omnen varmar seg opp.
  8. Set steikeomnen på 180-200 grader. Pensle med egg og strø eventuelt perlesukker på. Steik i 15-17 min.
  9. Avkjøl på rist.
  10. Rør saman melis og vatn, juster med meir melis om det trengs og ha over kaka.
  11. Ring med matbjella og invitér alle på kanelbollekake!;)
kanelsnurrkake

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.