Enkel kyllingform med spinat og soltørka tomat

kyllingform

Denne forma er mild og god og er enkel å servere til mange. Eg serverte den med fullkornpasta slik at det var eit alternativ å berre ete pasta for dei borna som ikkje ville smake denne gongen. Du kan sjølvsagt servere noko anna til:)

3-4 personar

  • ca 700g kylling
  • 1 pk babyspinat
  • ½ rødløk i bitar/små båtar
  • 3-4 ss soltørka tomat i bitar
  • 1pk matfløte
  • ca 150g fullkornpasta
  • salt og peppar

(I tillegg kan du gjerne tilsette 2-3 fedd kvitløk og litt basilikum/timian om du har)

kvardagsmat

Slik gjer du:

  1. Set omnen på 200 grader
  2. Del kyllingen i bitar og steik den i litt solsikkeolje. Legg den i ei eldfast form.
  3. Ha over babyspinat, rødløk, soltørka tomat og matfløte. Krydre med salt og peppar.
  4. Steik i ca 15 min, til matfløta har tjukna litt og spinaten fallt godt saman.
  5. I mellomtida kokar du opp vatn med salt, og kokar pastaen til den er ”al dente”, ca 7-10 min.

Sett pastaen og kyllingforma rett på bordet og la gjestane forsyne seg sjølve. Enkelt og godt:)

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.