6 favoritt-kaker til jul
Jul og selkap høyrer ofte i hop, og då må det kaker på bordet. Her har eg samla seks av mine kake-favorittar, til inspirasjon for kakebaking.
Mange av kakene kan lagast i god tid i førevegen, og iskakene er kjekke å ha på lur i frysaren.
Bakt ostekake med bringebærsaus
må lagast dagen før den skal serverast, slik at den kan stivne skikkeleg i kjøleskap. Nydeleg med bringebærsaus til.
er super å ha på lur i frysaren! Den held seg lenge, og treng ikkje takast opp før rett før servering. Fint når det plutseleg kjem gjestar, eller du finn på å spontaninvitere til selskap.
er suksess både blant små og store. Silkemjuk gul krem som smeltar på tunga. Denne kan gjerne frysast, eller du kan lage klar og ha fryste botnar på lur og så pynte får servering.
er deilig saftig sjokoladekake, med flust av nonstop på toppen og ein kant av Kvikk Lunsj.
Mokkaiskake med sjokolade og marengs
er ei deilig iskake med smak av mokka og sjokolade. Kanten rundt er crisp og god marengs som gjer kaka til eit blikkfant på kakebordet.
er syrleg og søt kake med smak av lime. På botnen er det sprø havrekjeks og på toppen mjuk og deilig krem. Mmmm!
Håper du fann ei eller fleire kaker som du har lyst til å bake i jula!
Tag meg gjerne på instagram @kvardagsmat / #kvardagsmatno
Og følg meg på snapchat: kvardagsmat
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.