Kvikk Lunsj-kake

kvikk lunsj kake

Kvikk Lunsj-kake!

I barnebursdag er det sjokoladekake og gele som gjeld! At kidsa som regel nøyer seg med ein bit av kvar før dei er i gong med å leike er ei anna sak….men også grunnen til at mor i huset valde å gje seg sjølv litt frie tøylar når den vanlege sjokoladelangpanna skulle lagast.

Denne oppskrifta er nemleg opprinneleg tenkt for ei langpanne, og du kan gjerne lage den som det -den smakar knallgodt! Men i år hadde eg lyst å prøve å lage denne Kvikk Lunsj-kaka som gjer seg litt ekstra på bordet. Med sjokoladekake, Kvikk Lunsj og Non Stop blei dette ein suksess både for dei som likte kake og dei som berre ville ha pynten!

Sjokoladekaka er saftig og god sidan den er laga med surmjølk, og har ein nydeleg kryddersmak utan at det blir for dominerande. Nesten som ei barnevenleg og saftig tropisk aroma -og det seier du vel ikkje nei til? Eg måtte få oppskrifta frå ei god veninne etter at ho har servert den i selskap med stort hell siste åra, og vi vaksne var einige i at kaka smakte like godt som rund versjon.

kvikklunsjkakeHer får du oppskrifta slik kaka på biletet er laga, men kaka kan gjerne halverast, for dette blir mektige saker! Vel du å halvere deler du berre Kvikk Lunsjen i to før du danderar den rundt kaka og pynter med Non Stop.

sjokoladekake

Til ei Kvikk Lunsj-kake (2 kakeformer a 24 cm) treng du:

  • 8 dl sukker
  • 1 l kveitemjøl
  • 2 ss kakao
  • 3 ts natron
  • 4 ts kanel
  • 1 l kulturmjølk
  • 100 g smør

Glasur:

  • 300 g smør
  • 5 dl melis
  • 1 ts vaniljesukker
  • 2 ss kakao
  • 4-5 ss kaffi

Pynt:

  • 11-12 pk Kvikk Lunsj
  • 2 pk Non Stop

Vil du lage vimplar treng du to grillspyd, litt papir/kartong og litt hyssing i tillegg:)

sjokoladekake med kulturmelk

Slik gjer du:

  1. Set omnen på 170 grader varmluft.
  2. Sikt kveitemjøl og kakao i ein bolle.
  3. Bland i natron, kanel og sukker.
  4. Smelt smør og bland dette i det tørre saman med kulturmjølka.
  5. Fordel røra over i to runde kakeformer kledd med bakepapir.
  6. Steik begge kakene samstundes, og sjekk med ein kakepinne/strikkepinne etter 30 min. Med min omn tok det 45 min før begge var ferdige, men dette kan variere. (Følg med, kaka er ferdig når det ikkje er røre igjen på pinnen når du stikk den ned i midten av kaka og dreg den opp igjen.)
  7. Avkjøl begge botnana og del dei i to.
  8. Smelt smøret til glasuren og rør inn alle ingrediensane.
  9. Legg dei to kakebotnane opp på kvarandre, med eit lag glasur mellom alle fire laga.
  10. Knekk opp Kvikk Lunsj i bitar på to og to lengder.
  11. Smør glasur rundt kaka og legg på Kvikk Lunsj litt etter litt.
  12. Knyt eit band eller tau rundt for å halde på plass (dei vil stå av seg sjølve når glasuren har tørka).
  13. Ha resten av glasuren på toppen, ha over Non Stop og set eventuelt vimpelrekka i.
  14. Ta daaa! Festkledd sjokoladekake klar for feiring!
sjokoladekake med kvikk lunsj og non stop

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.