Vekemeny 2

Vekemeny 2 er klar, og vips var vi godt i gong med 2018. Vi kickstarta det nye året som vanleg med bursdagsfeiring. I år er det ni år som står på kaka til eldstemann. Stor stas i heimen, og nøgd bursdagsgut. Då kan vi endeleg lande litt og gjere oss klare for resten av året;)

Vekemeny 2

vekemeny 2

Mandag

enchilladas

Enchiladas med bønner

Helios-samarbeid Enchiladas med bønner og spicy tomatsaus er finfin fredagskveldmat å servere som variasjon til den tradisjonelle tacoen. Deilig krydra tomatsaus rulla inn i ei mjuk lefse med gratinert ost… Fortsett å les »

Tysdag

grill fisk torsk

Fiskepakke med torsk og grønsaker

Fiskepakke med torsk og grønsaker er digg mat å ete ute og er kjapp mat å lage på grillen. Middagen er ferdig på 20 minutt, og det gjer at du… Fortsett å les »

Onsdag

brennsnut av fenalår

Brennsnut med fenalår

Brennsnut er ein av mine absolutte middagsfavorittar, og det eg tyr til oftast når det skal serverast mat til mange. Då vi inviterte familien til 7-års bursdag rett over nyttår… Fortsett å les »

Torsdag

superenkel fiskegrateng

Superenkel FISKEGRATENG

Superenkel fiskegrateng er verkeleg så enkel som den høyres ut. Denne versjonen treng verken forkoking av makaroni eller fisk, og er laga på 1-2-3. Eg trudde knapt det kunne gå bra… Fortsett å les »

Fredag

søtpotet pizza

Søtpotetpizza med kvit topping

Dette er ein av mine store favorittar og noko eg ofte lagar til meg sjølv når eg har lyst på litt betre lunsj eller er fysen på noko på kveldstid…. Fortsett å les »

Laurdag

kyllinggryte med curry

Indisk alt-i-eitt kyllingcurry

Denne oppskrifta fann eg inspirasjon til her, og det som gjorde meg mest interessert var det at ein kunne koke risen i samme gryte eller form som alt det andre…. Fortsett å les »

Søndag

verdens beste finnbiff

Viltgryte med reinskav

Viltgryte med reinskav er haustgryte delux! Gode smakar kokt saman og servert rykande varmt med søtt syltetøy til og gjerne ei raus skei potetmos. All den kantarellen vi plukka tidlegare… Fortsett å les »

Noko godt

creme brulee

Crème Brûlée

Créme Brûlée, som tyder brent krem, er ein herleg fransk dessert som er enkel å lage og krev få ingrediensar. Du steiker den i vassbad i steikeomnen og kandiserer litt… Fortsett å les »

Brødmat

eltefritt 4-kornbrød

Eltefritt firkornbrød

Eltefritt firkornbrød er laga med eit av dei nye produkta som Helios har presentert no i haust: Helios 4-korn flak med havre, bygg, rug og spelt. Det passar perfekt som… Fortsett å les »

Vekas kake

Brownies

Brownies

Ei kake som både mor og barn likar må vere bankers til morsdag! Lett å lage og nydeleg åleine eller saman med litt piska krem, vaniljekesam eller is. Det er… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.