Taco med heimelaga «vegetarkjøttdeig»
Har du lyst til å lage taco utan kjøtt? Men likevel kunne servere det til familien utan at dei merkar den store forskjellen? Blomkål-taco og Taco med kikerter er jo veldig, veldig godt. Men det er ikkje tvil om at det ikkje er kjøttdeig du serverer, så det er ikkje råd å lure kidsa. Men kjøttdeig-liknande vegetarversjon kan du lett lage. Her får du oppskrifta!
Taco med heimelaga «vegetarkjøttdeig»
I oppskrifta under har eg brukt matmølle, eller foodprosessor om du vil, for å lage «vegetarkjøttdeiga». Det er fordi det går kjappast og er enklast. Men har du ikkje det tilgjengeleg er det ingenting i vegen for å bruke ein kniv og ei skjærefjøl i staden. Godt blir det uansett!
Då eg starta å blogge laga eg opp glas med heimelaga tacokrydder. Det var kjekt å ha i skuffa men eg må innrømme at eg sjeldan blandar opp slike ferdige glas lenger. I staden krydrar eg med rause mengder spisskummen, oregano, paprika, løkpulver, koriander, chili, salt og pepar og smakar til. Det kan eg lett anbefale vidare om du ikkje har eit glas ferdigblanda liggande i skuffen.
Tips: Nøtteallergi? Kutt ut valnøttene eller erstatt dei med solsikkekjerner.
Oppskrift på Taco med heimelaga «vegetarkjøttdeig»
"Vegetarkjøttdeig"
- 1 boks grøne linser
- 3-4 aromasopp
- 1 løk
- 1-2 fedd kvitløk
- 1 dl valnøtter
Skrell og del løken i fire store båtar.
Skrell kvitløken.
Ha løk og kvitløk i ein foodprosessor og køyr med knivane til dei er finhakka.Ha i soppen saman med løken og køyr til den også er finhakka.
Hell av laken på linsene, skyl dei og la dei renne av seg.
Ha linsene og valnøttene i saman med det andre og puls nokre gongar slik at dei blir grovhakka.Steik vegetarkjøttdeiga på panne saman med tacokrydder. Tilsett evt 1 dl vatn om det blir for tørt eller om det blir ståande på panna lenge.
Nyt saman med din favorittar, eller som her med salat, avokado, agurk, salsa, rømme, granateple og lime.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.