Vekemeny 21
Søndag igjen og vel overstått nasjonaldag. Det skal bli godt med ei vanleg veke, utan så mykje kake og is. Eller kanskje ikkje? Vi får sjå kor det går!
Så gøy at så mange har sendt meg bilete av at dei handlar kokeboka i gåve til vener og familie no når Norli har køyrt kampanje! Kampanjen varer i allefall ut dagen i dag såvidt eg har forstått.
Her er linken om du vil «klikke og hente» deg ei bok i butikken for 200,- du også.
Mandag
Waldorfsalat
På eit godt koldtbord høyrer sjølvsagt Waldorfsalaten med, og den lagar du enkelt sjølv! Denne oppskrifta har eg fått frå svogeren min, som alltid stiller med deilig Waldorfsalat til koldtbordet…. Fortsett å les »
Tysdag
Kylling satay og peanøttsaus
Kylling satay og peanøttsaus var alltid safe å velje frå menyen uansett kvar vi skulle ete det året vi tilbrakte i Asia. Dette er ein rett som det finnast veldig… Fortsett å les »
Onsdag
Asiatiske risnudlar med grønsaker
Asiatiske risnudlar med grønsaker er «comfort food» som du slurpar i deg med gaffelen i eine handa og tallerkenen i andre. Deilige asiatiske smakar blanda med risnudlar og friske grønsaker…. Fortsett å les »
Torsdag
Fiskesuppe med kvitvin
Fiskesuppe med kvitvin er enkel å lage og smakar mildt og godt slik ei fiskesuppe skal gjere. Det som tek mest tid er å koke inn kvitvinen, så gå i… Fortsett å les »
Fredag
Glutenfri kvit pizza med ramsløk, røykt ørret og ruccola
Glutenfri kvit pizza med ramsløk, røykt ørret og ruccola er pizza med ein ny vri. Ramsløk blanda med creme fraiche gir ein flott grønfarge på pizzasausen, men denne kan også… Fortsett å les »
Laurdag
Fløtegratinerte poteter
Fløtegratinerte poteter er krema og godt tilbehøyr til kjøt, fugl og fisk. Faktisk funkar det bra som ein rett i seg sjølv også, eller med grilla grønsaker til. Lag gjerne… Fortsett å les »
Søndag
Grillet kjøtt med maissalat og chimichurri
Grillet kjøtt med maissalat og chimichurri i samarbeid med Helios /annonse/ Grillet kjøtt med maissalat og chimichurri er nydelig grillmat som krever liten innsats på kjøkkenet. Sausen rører du sammen… Fortsett å les »
Vekas brødmat
Eltefritt grovbrød i gryte
Eltefritt er favorittmetoden her i huset. Rør raskt saman deiga om kvelden, la deiga heve heile natta og nyt nysteikt brød til sein frukost eller lunsj. Har du forsøkt denne… Fortsett å les »
Noko godt
Affogato
Affogato må vere ein av dei kjappaste og enklaste dessertane du kan servere. Ein dessert for vaksne samtidig som det er lett å lage ein barneversjon. Likar du kaffi? Likar… Fortsett å les »
Vekas kake
Snickerskladdkake
Snickerskladdkake er søt, salt og mektig. Akkurat slik ei kake skal vere. Kladdkaker skal jo ganske enkelt rørast saman, og det er nettopp det du gjer med denne. I tillegg… Fortsett å les »
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.