Reklame
Vekemeny 2
Hoppsann! Har du kome godt i gong med kvardagen? Og så treng du litt middagsinspirasjon? Her får du forslaget for veka som kjem.
Tips: Oppskrifter og ingrediensar levert heim
Vil du bestille Adams matkasse med oppskrifter og ingrediensar levert heim på døra?
Vi går oftast for tre rettar, så et vi restar eller suplerer med kjappe favorittar innimellom dei nye og spanande rettane på menyen. Perfekt når det kan vere vanskeleg å finne tak i litt eksotiske matvarer, og digg å kunne halvere handlekorga på butikken.
Logg inn og vel kva rettar du vil ha i appen, og du kan lett teste ein gong om du er usikker på om dette er noko for deg og din familie. Det er nemleg ingen bindingstid.
Vil du heller handle inn og lage ein av desse rettane? Her får du oppskrifter og forslag til meny:
Mandag
Nudelsalat med peanøttsaus
Ein frisk og god salat med smakar frå Asia som er ferdig på ti minutt sa du? Ja her er den! Ferdig kutta salatmix, glasnudlar som skal trekke i tre… Fortsett å les »
Tysdag
Fiskebollar i karrisaus
Fiskebollar i karrisaus er så mykje enklare å lage enn du trur. Har du nokon gong laga kjøttkaker? Det er ganske likt, og dette er ein slik rett som går… Fortsett å les »
Onsdag
Vegetargrateng med linser og spinat
Vegetargrateng med linser og spinat får heile huset til å lukte nydleg. Kvitløk, løk og muskat i ein nydeleg tomatsaus som blir gratinert i omnen til det boblar og er… Fortsett å les »
Torsdag
Falafel med tahinidressing
Falafel med tahinidressing er nydeleg vegetarmat som har krønsj på utsida og mjuk og smakfull innside. For å få best resultat krevst det at du startar minst 12 timar i… Fortsett å les »
Fredag
Gratinert blomkål
Gratinert blomkål er ein nydeleg måte å bruke rotgrønsaka som du finn over alt i butikkane no. Med ein kjapp heimelaga ostesaus funkar dette som eit eige måltid. Eller som… Fortsett å les »
Laurdag
Krema fiskesuppe med sei
Eg kjøpte fersk sei i fiskedisken i går og fekk plutseleg lyst på fiskesuppe. Deilig krema fiskesuppe med kremfløyte og eggeplomme saman med haustens grønsaker. Og fiskesuppe er verkeleg noko… Fortsett å les »
Søndag
Chorizoburger med chilimajones og potetbåtar
Hamburger er ein av mine favorittar, og spesielt grilla hamburger. Det gir ein ekstra godt smak, og så er det så hærleg ukomplisert og lett å lage! Denne versjonen smakar ekstra… Fortsett å les »
Vekas brødmat
Eltefritt kvardagsbrød
Eltefritt kvardagsbrød blei kåra til verdas beste brød då det kom på bordet tidlegare i år. Sprø skorpe og ingen frø eller kjerner er suksessoppskrifta for å gjere skuleguten fornøgd…. Fortsett å les »
Noko godt
Daddel-snack
Dadlar er naturleg søte, og treng difor ikkje å få blanda inn sukker for å vere ein nydeleg snack. Det er difor eit perfekt alternativ til sjokoladeskåla når du er… Fortsett å les »
Vekas kake
Ostekake med Oreo og bringebær
Ostekake med Oreo og bringebær er ei enkel og smakfull kake som er rask å lage sidan den ikkje skal steikast. Kaka treng å stå litt i kjøleskap, men det… Fortsett å les »
Dette blogginnlegget er reklame for Adams Matkasse
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.