Vekemeny 48
Hei som det går! Plutseleg var det første søndag i advent, og det er tid for julelys, julebakst og julekos. Håper du lagar deg sjølv ei fin adventstid, anten du står på kjøkkenet eller ei.
Julegåvetips 2022
Julegåvetipsa som eg delte førre søndag var populære, så eg har oppdatert lista til å inkludere meir enn berre det som er på kjøkkenet. Håper den kan vere til inspirasjon for deg om du lurer på kva du skal ønske deg eller kva du skal gi til nokon du er gla i.
Ha ei fin advents-veke!
Mandag
Kyllingform med cashewnøtter
Ovnsbakt kyllingform med cashewnøtter kan like gjerne serverast til fest som på ein kvardag. Deilige krydder blanda med grønsaker, kylling og bacon er lett å like og smakar som ein… Fortsett å les »
Tysdag
Krema kantarellsuppe
Krema kantarellsuppe er haust og nydeleg soppsmak. Den luktar minst like godt som den smakar og er ein perfekt måte å bruke skogens gull på. Du kan anten plukke soppen… Fortsett å les »
Onsdag
Kjøttkaker i sjysaus
Kjøttkaker i sjysaus eller heimelaga kjøttkaker treng vel eigentleg ikkje noko introduksjon i det heile tatt. Klassisk kvardagsmat som er populært både hjå små og store. Det tek ikkje lenger… Fortsett å les »
Torsdag
Fiskeburger med smak av Asia
Fiskekaker er ein av mine favorittmåtar å ete fisk på. Det kan jo ikkje bli feil, du kan bruke nesten kva fisk som helst og det smakar digg. I denne… Fortsett å les »
Fredag
Enchiladas med kjøttdeig og bønner
Enchiladas med kjøttdeig og bønner er perfekt å servere når du har restar frå fredagstacoen. Ved å tilsette litt ekstra ingrediensar får du både ein ny rett og du får… Fortsett å les »
Laurdag
Biff med bearnaisesaus og hasselbackpoteter
Biff med bearnaisesaus og hasselbackpoteter er skikkeleg laurdagskveldmiddag med noko raudt i glaset til. Hasselbackpoteter blei ein favoritt her i heimen frå første gong vi laga det. Du deler potetene… Fortsett å les »
Søndag
Pinnekjøtt med rabbestappe
Pinnekjøtt med rabbestappe er det eg har vakse opp med som middag på julaftan, og framleis det eg helst vil ete om eg får velje. Den lukta som blir i… Fortsett å les »
Vekas brødmat
Fletteloff
Fletteloff høyrer med til jul og høgtid, og gjer seg ekstra godt på eit fint dekka frukostbord eller buffétbord. Kanskje skal du invitere inn til ein god familielunsj og vil… Fortsett å les »
Noko godt
Julemanna
Julemanna eller kvite kakemenn som oppskrifta heiter hjå Trines matblogg er nydelege julebakst. Og denne oppskrifta har blitt brukt her i heimen for fjerde år på rad i år! Frå… Fortsett å les »
Vekas kake
Sarah Bernhardt med gult fyll
Sarah Bernhardt med gult fyll er ein slags kombinasjon av Sarah Bernhardt og Suksessterte så det kan jo ikkje gå feil. At den kan lagast i godt tid før jul… Fortsett å les »
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.