Sarah Bernhardt med gult fyll

Sarah Bernhardt med gult fyll er ein slags kombinasjon av Sarah Bernhardt og Suksessterte så det kan jo ikkje gå feil. At den kan lagast i godt tid før jul og frysast ned er ein bonus. Og det kjem godt med i førjulstida. Sidan kakene er så små så tinar dei kjapt når du får julegjestar på besøk. Eller har lyst på noko godt til kaffien.

sarah bernhardt med gult fyll

Har du ei matmølle/ein foodprosessor så er det kjapt og enkelt å male mandlane. Her er det ingen fare for at det kan gå galt, slik som med kransekake, så det er berre å leite fram kjøkkenmaskina om du har.

Sarah Bernhardt med gult fyll

Denne herlegheita kan eg takke dykk lesarar for at eg fekk lage. Då eg laga Sarah Bernhardt for første gong var det fleire som tipsa om at denne kaka var knallgod med gult fyll. Det høyrdes jo heilt fantastisk ut. Så eg er faktisk litt stolt over at eg klarte å vente nesten eit heilt år før eg laga den!

gul bernhardt

Som du ser på bileta har eg laga kakene ganske store. Men om du vil så kan du gjerne lage dobbelt så mange kaker som eg har gjort. Då lagar du dei berre halvparten så store. Så kan ein heller ete to!

Når kakene er ferdige oppbevarer du dei som skal serverast dei næraste dagane i kjøleskap. Resten pakkar du tett og legg i frysaren. Når du får julegjestar er det berre å ta dei opp til tining ein halvtimes tid før dei skal nytast. Eller rett før du set over kaffien.

Håper dei fell i smak!

Oppskrift på Sarah Bernhardt med gult fyll

ca 20 stk / 10-12 porsjonar / Tid: 2 t

Botn

  • 200 g mandlar
  • 150 g melis
  • 2 eggekviter

Gul krem

  • 4 eggeplommer
  • 125 g sukker
  • 1 vaniljestang
  • 1 dl kremfløyte
  • 125 g mjukt smør

Sjokolade trekk

  • 200-300 g mørk sjokolade
  • 3 ss kokosolje (eller delfiafeitt)
  1. Botn:
    Sett omnen på 180 grader. Mal mandlane (gjerne i foodprosessor). Bland i melis.

    Visp eggekvitene lett saman med ein gaffel. Rør inn eggekvitene i mandel-melis-massen.
    Fyll massen i ein sprøytepose/brødpose og lag 20 små makronar/flate kaker på eit bakepapirkledd steikebrett.

    Steik i ca 10 min til makronane er gylne. Avkjøl på rist.

  2. Gult fyll:
    Splitt vaniljestanga på langs og skrap ut frøa.
    Ha vaniljestang, frø, eggeplommer, sukker og kremfløyte i ei kasserolle og varm opp på middels varme til det tjuknar. Rør heile tida. Avkjøl til romtemperatur.
    Fjern vaniljestanga.

    Del smøret i terningar og ha det saman med vaniljeblandinga i ein miksebolle og pisk/”rør kvitt” med ein miksar til du får ein tjukk og luftig krem.

    Fyll i ein brødpose/sprøytepose og sprøyt små toppar på kvar makron.
    Set brettet med makronane i frysaren medan du gjer klar sjokoladen.

  3. Sjokoladetopping:
    Hakk sjokoladen. Ha sjokoladen i ein bolle som tåler varme saman med kokosoljen.
    Smelt den over vassbad.
    Aus over sjokolade, eller fyll sjokoladen i ein smal kopp og dypp kvar kake i sjokolade. Oppbevar i kjøleskap eller frysar, dei tinar kjapt når du blir fysen på noko godt.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.