Vekemeny 31
I vekemeny nummer 31 finn du både salat, sandwich, gryte og noko godt til helga. Eller kanskje til kvardags no i ferietida? Ekstra god tid gir ofte meg lyst til å eksperimentere på kjøkkenet, kanskje er det same med deg? Håper du finn noko som fristar.
Her får du denne vekas forslag til meny frå bloggarkivet. Enjoy!
Mandag
Enkel sommarsalat med reker
Enkle men smakfulle rettar som er kjekt å ete til lunsj, lett middag eller kvelds er gull. Avokado og reker er to smakar som passar bra i lag, og desse… Fortsett å les »
Tysdag
Chicken Curry Sandwich
Chicken Curry Sandwich har blitt laga på Instastory kvar gong eg har kokt kyllingkraft i det siste. Når du kokar kraft på ein heil kylling sit du igjen med massevis… Fortsett å les »
Onsdag
Gratinert blomkål
Gratinert blomkål er ein nydeleg måte å bruke rotgrønsaka som du finn over alt i butikkane no. Med ein kjapp heimelaga ostesaus funkar dette som eit eige måltid. Eller som… Fortsett å les »
Torsdag
Spagetti Carbonara
Spagetti Carbonara er middag laga i ein fei og fantastisk godt! Med krema saus med deilige baconbitar i passar denne like bra på ein kvardag som ein helgekveld du vil ha noko… Fortsett å les »
Fredag
Fylt paprika med tacokjøttdeig
Fylt paprika med tacokjøttdeig er fint å servere når du har lyst på noko litt anna enn standard taco med lefser. Eller kanskje du har tacokjøttdeig til overs? Då er… Fortsett å les »
Laurdag
Butterdeigpizza med ramsløkpesto
Butterdeigpizza med ramsløkpesto blei etterspurt då eg delte bilete på instastory førre veke. Og eg er som regel ikkje vanskeleg å be, så her får de oppskrifta. Dette er perfekt… Fortsett å les »
Søndag
Chiligryte med chorizo og sjokolade
Chiligryte med chorizo og sjokolade har vore ei etterspurt oppskrift etter at eg delte ein smakebit frå prosessen på Instastory. Det at to ruter sjokolade smelta i gryteretten gjorde mange… Fortsett å les »
Vekas brødmat
Eltefri fullkornrundstykker med valnøtter
Eltefri fullkornrundstykker med valnøtter er litt grovare enn dei andre versjonane her på bloggen med fullkornkveitemjøl i seg, men deilig saftige på grunn av valnøttene i deiga. Valnøttene gir også… Fortsett å les »
Noko godt
Brownies
Ei kake som både mor og barn likar må vere bankers til morsdag! Lett å lage og nydeleg åleine eller saman med litt piska krem, vaniljekesam eller is. Det er… Fortsett å les »
Vekas kake
Bringebær-ispinne
Bringebær-ispinne har blitt testa ut her i heimen, både i versjon med for lite søting og i versjon med akkurat passe søting. Den første versjonen var det to nabokids som… Fortsett å les »
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.