Enkel sommarsalat med reker
Enkle men smakfulle rettar som er kjekt å ete til lunsj, lett middag eller kvelds er gull. Avokado og reker er to smakar som passar bra i lag, og desse spelar hovudrolla i denne enkle salaten. Prøv og sjå kor godt dette smakar i lag – vil du ha fleire ingrediensar er det sjølvsagt berre å legge til det du måtte ønskje.
Til ein porsjon treng du:
- 2 nevar reker
- 2 nevar grøn crispi salat
- 1 liten avocado
- Frisk dill
- Sitronskive
- Litt majones
- Salt og peppar
Dressing:
- 1 ts eplecidereddik
- 2 ss god olivenolje
- 1 ts flytande honning
- salt og peppar
Slik gjer du:
- Rens rekene.
- Vask og skyll salaten godt. Tørk den gjerne i ei salatslynge, før du riv den i bitar.
- Del avocadoen i to, ta ut steinen og skjær opp rutemønster før du tek ut kjøtet med ei spiseskei.
- Rør saman dressingen.
- Legg salat og avokado på eit fat og ringle over dressingen.
- Riv opp frisk dill og ha over saman med sitronsaft, eller bland det inn i dressingen.
- Krydre med ekstra salt og peppar.
- Server med majones og gjerne godt brød. Kanskje har du desse krydderknutane på lur?;)
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.