Krydderknutar

 

krydderknutar

Desse krydderknutane er ein fest-variant av baguetteoppskrifta, og ser veldig fine ut på tapasbordet/koldtbordet eller som tilbehør til gryter eller supper. Prinsippet er det samme som når du skal lage kanelsnurrar og er slett ikkje vanskeleg.

Til ca 20 stk treng du:

  • 500 g kveitemjøl
  • 1 ts salt
  • 1 ts sukker
  • ½ pk tørrgjær
  • 4 dl lunka vatn

Fyll:

  • 3 ss smelta smør
  • 1 neve parmesanost
  • 1 neve mozzarellaost
  • 2 nevar frisk oregano

 

suppebrød

Slik gjer du:

  1. Rør saman alle ingrediensane, set på lokk og la heve så lenge du har tid. Gjerne 2-3 t.
  2. Ha deiga på mjøla underlag og kjevle til eit (ca.) 30×40 rektangel.
  3. Smør utover smøret og strø over ost og hakka krydderurter.
  4. Brett deiga ein gong og del opp i 1 cm tjukke strimlar.Tvinn strimlane og snurr/knyt dei før du legg dei på eit bakepapirkledd steikebrett.
  5. Legg over plast, og la heve i 15-20 min.
  6. Steik midt i omnen i ca 15 min, til knutane er gyldne under.
  7. Avkjøl på rist.
krydderknuter

Får du knutar til overs legg du dei i tett pose i frysaren. Ta dei rett frå frysaren og set dei i kald omn på 180 grader varmluft i 12-13 min. Då får du varme, sprø knutar som er perfekte til ei rask middagssuppe eller gryte:)

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.