Vekemeny 29
Sommarferie gir ofte godt tid til å scrolle, planlegge og lage noko godt på kjøkkenet. Her har vi i allefall testa fleire nye oppskrifter siste vekene, og det er brei deltaking på kjøkkenet.
Kanskje finn du noko godt du har lyst til å lage frå dette forslaget til vekemeny? Ha ei fin veke, med eller utan sommarvarmen på plass!
Mandag
Asiatisk nuddel og grønsaksuppe
Asiatisk nuddel og grønsaksuppe er ei superrask og enkel suppe å servere. Ved å nytte risnudlar, som berre tek fem minutt å få klare, blir denne suppa ferdig på null-komma-niks…. Fortsett å les »
Tysdag
Fylt kyllingbryst med feta og soltørka tomat
Kylling, feta og soltørka tomat høyrer godt i lag. I denne oppskrifta er kyllingbrystet fyllt med desse deilige smakane og grilla. Det blir saftig, godt og nydeleg salt smak av… Fortsett å les »
Onsdag
Grilla laks med spicy mango
Eg fekk nyleg ein flunkande fersk vill-laks frå ein ivrig laksefiskar-svoger! Sånt er jo fantastisk kjekt for ein hobby-matbloggar som meg, og gjer det ekstra stas å lage middag. Ved… Fortsett å les »
Torsdag
Pastasalat med kylling og curry
Pastasalat med kylling og curry er kjapp og enkel å røre saman, men samtidig full av smak. Dette er min favoritt måte å bruke opp kyllingen på etter å ha… Fortsett å les »
Fredag
Blomkål-taco
Blomkål-taco er ikkje noko ny oppfinning, og er eit supert alternativ til den tradisjonelle kjøttdeiga. Blomkålen deler du enkelt i bitar, vender inn med olje og krydder og steiker i… Fortsett å les »
Laurdag
Chorizoburger med chilimajones og potetbåtar
Hamburger er ein av mine favorittar, og spesielt grilla hamburger. Det gir ein ekstra godt smak, og så er det så hærleg ukomplisert og lett å lage! Denne versjonen smakar ekstra… Fortsett å les »
Søndag
Reker og loff
Reker, loff og majones høyrer lange sommarkveldar til, og er enkel mat å servere når ein har gjestar. Rekene treng berre å tine så er dei klare, og då har… Fortsett å les »
Vekas brødmat
Eltefri rundstykke til hytteturen
Eltefri rundstykker er og blir ein favoritt, og då må vi sjølvsagt lage det når vi er på hyttetur også. Har du ikkje gryte og utstyret du treng seier… Fortsett å les »
Noko godt
Energikuler med kokos
Energikuler med kokos er himla enkle å lage, og så nydelege på smak. Om eg har lyst på noko godt ein føremiddag, ettermiddag eller kveld er dette ein favoritt å… Fortsett å les »
Vekas kake
Daimiskake med marengsbotn
Daimiskake med marengsbotn er laga med utgongspunkt i Iskake med Daim og Mokkaiskake med sjokolade og marengs. Tanken var å ta det beste frå begge kakene og kombinere det til ei… Fortsett å les »
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.