Reker og loff

Reker og loff

Reker, loff og majones høyrer lange sommarkveldar til, og er enkel mat å servere når ein har gjestar. Rekene treng berre å tine så er dei klare, og då har du kanskje tid og overskot til å røre saman ei deig og servere nysteikt loff eller baguettar til. Denne loffen er mjuk og luftig og gjer måltidet ekstra godt. Lag gjerne loffen tidleg på dag, sidan tid til å heve er alfa og omega ved gjærbakst.

Til ein loff treng du:

  • 3 dl mjølk
  • ½ pk tørrgjær
  • 1 ts salt
  • 1/2 ss sukker
  • 3 ss smelta smør
  • ca 500 g kveitemjøl
hjemmelaget loff

Slik gjer du:

  1. Bland det tørre, hald igjen litt av kveitemjølet i starten, og tilset fingervarm mjølk og smelta smør. Elt til du har ei blank og smidig deig, anten for hand eller i kjøkkenmaskin. Dekk med plast og la heve til dobbel storleik, 1-2 timar.
  2. Ha deiga over på eit bakepapir og form den til eit brød, bruk litt mjøl om det er for klissete. Løft bakepapiret med deiga over i ei brødform og bruk knyttneven for å trykke den forsiktig uttover i forma. Dekk med plast og la etterheve i 30 min.
  3. Steik midt i omnen på 180 gr i ca 40 min. Brødet er ferdig når du kan høyre ein hol lyd når du bankar på det frå undersida.
  4. Avkjøl på rist.

 

Server reker og loff med majones, sitron og frisk dill. Tommelfingerregelen er å rekne ein halv kilo reker per person, og å la dei tine over natta i kjøleskapet. Litt grøn crispisalat til og du har eit enkelt og godt festmåltid:)

heimelaga

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.