Vegetar-meny 8

Ny søndag og ny meny for veka som kjem! Håper du finn noko som fristar!

Vegetar-meny 8

Lurer du på kvifor vekemenyen er bytta ut med vegetar-meny? Sjekk ut utfordringa eg gav (meg sjølv) for 2020. Klikk her for å lese årets første vegetar-meny.

Vegetar middag

lun pastasalat med pesto og bok choy

Lun pastasalat med pesto og bok choy

Lun pastasalat med pesto og bok choy har alle godsakene eg set pris på i ein pastasalat. Pesto først og fremst, soltørka tomat på andre plass og på tredjeplass: noko… Fortsett å les »

Vegetar middag

peanøttsaus

Risnudlar med peanøttsaus

Risnudlar med peanøttsaus er raskt å lage og smakar skikkeleg digg. Asiatiske smakar i ei herleg blanding, med litt futt i! Perfekt kosemat, og eit fint alternativ om du vil ete… Fortsett å les »

Vegetar middag

blomkålsuppe kokosmelk

Krema blomkålsuppe med kokosmelk

Blomkålsuppe er ein klassikar som er fin å servere både som forrett, lunsj, middag eller kvelds. Denne versjonen har kokosmjølk i seg, som gjer den deilig krema. Mjuk og god… Fortsett å les »

Vegetar middag

blomkål ostesaus

Gratinert blomkål

Gratinert blomkål er ein nydeleg måte å bruke rotgrønsaka som du finn over alt i butikkane no. Med ein kjapp heimelaga ostesaus funkar dette som eit eige måltid. Eller som… Fortsett å les »

Vegetar middag

gryte med sopp og linser

Butterdeigpai med sopp og linser

Butterdeigpai med sopp og linser er haustmat for mørke kveldar. Oppskrifta blei til ved at vi laga gryte eine dagen, og så pimpa vi opp restane med å legge butterdeig… Fortsett å les »

Vekas frukosttips

avokadokrem med bær

Avokadokrem med bær

Dette er min nye favoritt til frukost. Om du følgjer kvardagsmat på instagram, har du nok allereie sett fleire versjonar av denne, og fleire kjem det nok. Avokado og kokosmjølk… Fortsett å les »

Vekas brødbakst

brød

Grovt langpannebrød

Langpannebrødet med rug og havre blei fort ein favoritt her på bloggen, og spørsmåla om ein grovare variant kom både på facebook, instagram og snapchat. Det måtte sjølvsagt la seg… Fortsett å les »

Vekas søtt

17.mai dessert

Bærdessert med mascarponekrem og lime

Denne desserten er enkel å lage og imponerar dei fleste. Mascarpone-ost, kremfløyte og syrleg lime smakar nydeleg saman med friske bær. Her har eg nytta restane frå 17.mai-feiringa og då… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.