Reklame

Lun pastasalat med pesto og bok choy

Lun pastasalat med pesto og bok choy har alle godsakene eg set pris på i ein pastasalat. Pesto først og fremst, soltørka tomat på andre plass og på tredjeplass: noko grønt. I staden for spinat eller avokado som det ofte blir har eg denne gongen teke i bruk ei litt meir eksotisk grønsak. Og det funka veldig, veldig bra!

Lun pastasalat med pesto og bok choy

Bok choy, eller pak choy som det også blir kalla, er mykje brukt i Asia og ser ut til å dukke opp oftare og oftare i butikkane her heime også. Yey for det! Den har blitt nytta på bloggen før, blant anna her og her.

HELIOS lun pestosalat kvardagsmat

Lun pastasalat med pesto og bok choy

lun pastasalat

Denne gongen fann eg kikertpasta på butikke og brukte det, men du kan bruke akkurat den pastaen du vil. Uansett tenker eg at det alltid er bra å variere, så då kan du kanskje velge ein pasta laga av linser eller grønsaker neste gong? Her er det uansett pestosmaken som dominerar.

Lun pastasalat med pesto og bok choy

Salaten er nydeleg å nyte lun rett frå panna, men kan også fint etast kald dagen etter. Er du difor heldig å få restar så pass på å ta vare på dei i kjøleskapet til dagen etter. Nydeleg lunsj heilt utan å bruke tid på kjøkkenet den dagen.

Oppskrift på Lun pastasalat med pesto og bok choy

3-4 porsjonar / Tid: 30 min

  • 250 g pasta
  • 3-4 ss pinjekjerner
  • 2 ss olivenolje
  • 1/2 løk
  • 2 fedd kvitløk
  • 1 ts Helios salvie
  • 1 ts Helios oregano
  • 1 liten purre
  • 1 raud paprika
  • 10 soltørka tomat i lake
  • 1 ts Helios himalaysalt
  • 4-5 ss grøn pesto
  1. Kok pasta til den framleis har litt tyggemotstand, hell av kokevatnet og rør inn pestoen.

  2. Rist pinjekjernene i tørr steikepanne til dei får litt farge. Ha dei over på ein tallerken og set til side.

  3. Del løken i terningar og finhakk kvitløken. Steik løken i olivenolje til den blir blank. Ha i kvitløken og la steike med i 2 minutt. Bland inn salvie og oregano.

  4. Del bok choy i bitar på ca 2 cm og ha i panna saman med løken til den fell litt saman.

  5. Del paprika og soltørka tomat i terningar og ha i panna. Del purren i ringar og ha denne også i panna. Krydre med salt og bland godt.

  6. Vend pastaen med pesto saman med grønsakene i panna. Strø over rista pinjekjerner og nyt!
    PS. Alle restar oppbevarer du i tett boks i kjøleskapet og nyt som ekstra god lunsj dagen etter.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.