Reklame

Kamskjell med sweet chilisaus og pak choy

Kamskjell blir ferdigsteikt på 1-2-3 og det same gjeld pak choy, eller bok choy som det også heiter. Med to steikepanner i sving er dette mat du kan sette på bordet på tjue minutt. Så då er det berre å finne ingrediensane på ein butikk og gå i gong.

Kamskjell med sweet chilisaus og bok choy

Kamskjell med sweet chilisaus og pak choy

Kamskjell med sweet chilisaus og bok choy

Kamskjell steiker du enkelt i ei panne. Det skal steikast 1-2 minutt på kvar side, til dei er gylne. Det er betre at du steiker litt for lite enn for mykje, så unngår du at dei blir seige. Hugs også at kamskjella vil “ettersteike” litt etter ar du tek dei av panna, så ikkje ver redd for at du har steikt dei for lite.

Kamskjell med sweet chilisaus og pak choy

Finn du ikkje pak choy på butikken så kan du bruke kinakål i staden, eller andre asiatiske kålsortar.

Oppskrift på Kamskjell med sweet chilisaus og pak choy

2 porsjonar / Tid: 20 min

  • 8 kamskjell
  • 1 ts salt
  • 1 ss olje + smør
  • 4 pak choy
  • 1-2 fedd kvitløk
  • 1 ss olje + smør
  • 1 dl sweet chilisaus
  • 1 ts riseddik
  • 0,5 dl vatn
  • 1 ss Helios chiliflak
  • Salt og pepar
  1. Legg kamskjella på ein tallerken og strø salt over. La ligge medan du gjer klar pak choyen.

  2. Del pak choy i to, fjern stygge blad og skjær av stilken. Skyl blada og la renne godt av seg. Finhakk kvitløk. Varm olje og smør i ei steikepanne og steik kvitløk og pak choy til den fell saman, ca 5 min.

  3. Tørk av kamskjella med kjøkkenpapir og smelt smør og olje i steikepanne nummer to. Steik kamskjella på medium-høg varme til dei er gylne på eine sida, snu så rundt og steik på andre sida. Dette tek 1-2 minutt på kvar side.

  4. Fordel pak choyen på to tallerkenar og bruk steikepanna til å lage chilisausen. Ha sweet chilisaus, riseddik og vatn i panna. La småkoke til det tjuknar litt, og til kamskjella er ferdigsteikte.

  5. Fordel kamskjella over pak choyen og aus sausen over. Strø chiliflak og nykverna pepar over til slutt. Velbekomme!

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!