Bærdessert med mascarponekrem og lime

bærdessert med mascarponekrem og limeDenne desserten er enkel å lage og imponerar dei fleste. Mascarpone-ost, kremfløyte og syrleg lime smakar nydeleg saman med friske bær. Her har eg nytta restane frå 17.mai-feiringa og då blei det dei norske fargane med jordbær og blåbær. Har du bringebær i staden er det eit strålande alternativ!

mascarpone jordbær lime

Til 4 porsjonar treng du:

  • 125 g (1/2 boks) mascarpone
  • 2 dl kremfløyte
  • 1 ss sukker
  • 1 lime
  • 200 g jordbær
  • 100 g blåbær
mascarponekrem

Slik gjer du:

  1. Rør mascarponeosten mjuk med ein gaffel eller ei sleiv.
  2. Visp kremfløyta saman med sukkeret til du har mjuk og luftig krem.
  3. Vask limen godt og riv av det grønne skalet ved hjelp av eit zesterjarn (eller eit rivjarn).
  4. Bland saman osten, kremen og safta frå limen.
  5. Legg bær og krem lagvis.
  6. Pynt med limeskal på toppen og server!
17.mai dessert mascarpone jordbær

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.