
Vekemeny 46
Og der var det søndag igjen gitt! Vekene går som ein røyk synest eg. Som forrige veke er det slik at juleoppskriftene tikkar oppover på besøksstatistikken, og det viser at mange har begynt å bake lefser.
Potetlefsene som vi brukar til lutefisk og dei glutenfri tjukklefsene har vore populære siste veka. Har du begynt å bake? Del gjerne resultatet med meg på Instagram! Alltid stas å sjå oppskriftene i bruk.
Alle juleoppskriftene finn du samla under kategorien jul.
Ha ei fin veke!
Mandag
Makaronisalat
Makaronisalat er fin å servere som den er eller som tilbehør til grillmat eller på eit koldtbord saman med andre rettar. Salaten er mild og god på smak og høver… Fortsett å les »
Tysdag
Risnudlar med peanøttsaus
Risnudlar med peanøttsaus er raskt å lage og smakar skikkeleg digg. Asiatiske smakar i ei herleg blanding, med litt futt i! Perfekt kosemat, og eit fint alternativ om du vil ete… Fortsett å les »
Onsdag
Tomatsuppe med ekstra vitamin
Visste du at paprika inneheld fire gongar så mykje c-vitamin som appelsin? Vi brukar mykje paprika her i heimen, både i supper, sausar, gratengar og smoothie. I denne suppa har… Fortsett å les »
Torsdag
Mild fiskesuppe med laks
Laks er ein slager på dei fleste middagsbord. Enkel og velsmakande fisk som det er lett å få kjøpt både fersk og frossen. Men er du litt lei av… Fortsett å les »
Fredag
Enchiladas med bønner
Enchiladas med bønner Enchiladas med bønner og spicy tomatsaus er finfin fredagskveldmat å servere som variasjon til den tradisjonelle tacoen. Deilig krydra tomatsaus rulla inn i ei mjuk lefse med… Fortsett å les »
Laurdag
Lammegryte med rotgrønsaker
Lammekjøtt som blir kokt leeenge blir utruleg mørt og godt. Denne gryta kan du anten laga som ei langtidskokt gryte som får stå og kose seg på omnen lenge, eller… Fortsett å les »
Søndag
Boeuf Bourguignon
Denne gryta fall så godt i smak første gong vi laga den for snart to år sidan at det har blitt ein kjær favoritt. Den gong synest eg namnet på… Fortsett å les »
Vekas brødmat
Eltefritt speltbrød i gryte
Spelt blir rekna som ein av urkornartane og kan med stort hell erstatte kveitemjøl i nesten alle oppskrifter. Mjølet er mindre foredla og har dermed bevart sine opprinnelege eigenskapar og vert… Fortsett å les »
Noko godt
Energikuler med kokos
Energikuler med kokos er himla enkle å lage, og så nydelege på smak. Om eg har lyst på noko godt ein føremiddag, ettermiddag eller kveld er dette ein favoritt å… Fortsett å les »
Vekas kake
Julemanna
Julemanna eller kvite kakemenn som oppskrifta heiter hjå Trines matblogg er nydelege julebakst. Og denne oppskrifta har blitt brukt her i heimen for fjerde år på rad i år! Frå… Fortsett å les »
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.