Vekemeny 45
Velkommen skal du vere november! Har du begynt å tenke på julematen og julebaksten allereie? Besøkstala her på bloggen viser i allefall at ein del har begynt å planlegge kva dei skal lage. Om du også vil kike litt så finn juleoppskriftene samla under kategorien jul her på bloggen.
Ha ei fin veke, både med og utan juleplanlegging:)
Mandag
Brokkolisalat med tahinidressing og tranebær
Brokkolisalat med tahinidressing og tranebær er ein ny vri på den populære brokkolisalaten. Denne gongen er salaten laga heilt utan majones og rømme, og kan kanskje reknast som litt sunnare…. Fortsett å les »
Tysdag
Jukse-bacalao
Mitt første møte med heimelaga Bacalao var på Lofoten Folkehøgskule for over ti år sidan -forøvrig ein folkehøgskule som anbefalast på det varmaste for dei som er så heldige å… Fortsett å les »
Onsdag
Krema brokkolisuppe med sprøsteikt bacon
Krema brokkolisuppe med sprøsteikt bacon smakar godt og er fin på farge. Grønt er kult! Med sprøsteikt bacon på toppen og fløyte i suppa er dette luksusversjonen av grønsaksuppa. Krema,… Fortsett å les »
Torsdag
Lakseform med parmesansaus og brokkoli
Lakseform med parmesansaus og brokkoli er ein kvardagsfavoritt her i heimen. Laks er favoritt hjå eine sonen og pasta hjå den andre. Då gjer denne retten alle glade, og vi… Fortsett å les »
Fredag
Enchiladas med kjøttdeig og bønner
Enchiladas med kjøttdeig og bønner er perfekt å servere når du har restar frå fredagstacoen. Ved å tilsette litt ekstra ingrediensar får du både ein ny rett og du får… Fortsett å les »
Laurdag
Fårikål
Fårikål er haust og tradisjonar. At ein kan få til noko så godt med så få ingrediensar er sjarmerande, og så er det kjekt med middag som lagar seg sjølv…. Fortsett å les »
Søndag
Restesuppe med fårikål
Har du laga fårikål og fått restar? Heldiggris! Eller så er du erfaren og veit at det alltid løner seg å lage for mykje fårikål. Det er jo ein av… Fortsett å les »
Vekas brødmat
Eltefritt rugbrød med chiafrø
Eltefritt rugbrød med chiafrø er ein ny variant av den geniale eltefrie metoden å bake brød på. Med minimal arbeidsinnsats blir du løna med nydeleg brød med sprø og god skorpe…. Fortsett å les »
Noko godt
Enkle bountykuler
Enkle bountykuler er raskt å lage, krev få ingrediensar og smakar nydeleg. Søtt og godt med deilig konsistens og smak av kokos og sjokolade. Kulene held seg lenge i kjøleskap,… Fortsett å les »
Vekas kake
Tørre vaflar med sjokoladetrekk
Tørre vaflar med sjokoladetrekk kan lett funke som ei julekake spør du meg. Tørre vaflar er ein favoritt hjå dei små i huset her, og du finn ein annan versjon… Fortsett å les »
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.