
Reklame
Eltefritt rugbrød med chiafrø
Samarbeid Gorenje
Eltefritt rugbrød med chiafrø er ein ny variant av den geniale eltefrie metoden å bake brød på. Med minimal arbeidsinnsats blir du løna med nydeleg brød med sprø og god skorpe.
Brødet er laga i oppdrag for Gorenje og deira “Best på brød”-kampanje som set fokus på den gode nordiske brødtradisjonen. På deira side finn du både oppskrift på det beste grovbrødet og tips om elting og heving!
I denne brødoppskrifta som eg har laga er det både deilig smak av rug og i tillegg alt det gode frå chiafrøa. Frøa er supre å ha i til born og vaksne som ikkje likar store frø, for desse finn du knapt igjen i brødskiva.

Til 1 eltefritt rugbrød med chiafrø (22-24 cm gryte) treng du:
- 175 g grov sammalt rug
- 425 g kveitemjøl (hvetemel)
- 6 dl lunka vatn
- 2 ss chiafrø
- 1 ts salt
- 1 ts tørrgjær
- 1 ss flytande honning

Slik gjer du:
- Set bakebollen på vekta og mål opp alt det tørre. Hell i vatnet og rør raskt saman, set på lokk og la heve i 12-18 t, gjerne på kjøkkenbenken over natta.
- Etter den lange hevetida brettar du deiga nokre gongar over seg sjølv ved hjelp av ein slikkepott og set på lokket igjen.
- Set gryta du skal bruke med lokk inn i omnen og skru på 250 grader over- og undervarme.
- Etter omlag 60 min heller/skrapar du deiga over i gryta, har på lokket og set det inn i omnen. Strø gjerne litt mjøl i botnen av gryta og på toppen av brødet.
- Steik i 30 min på 250 grader.
- Ta av lokket og skru ned til 230 grader. Steik i 20 min til.
- Avkjøl brødet på rist.
- Etter at brødet er heilt avkjølt oppbevarar du det best innepakka i eit reint kjøkkenhåndkle.


Følg også Best på brød på Instagram og Facebook for meir inspo!
Dette blogginnlegget er reklame for
Gorenje
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi nye kokebok her! #reklame