Lakseform med parmesan­saus og brokkoli

Lakseform med parmesansaus og brokkoli er ein kvardagsfavoritt her i heimen. Laks er favoritt hjå eine sonen og pasta hjå den andre. Då gjer denne retten alle glade, og vi vaksne får ein digg og krema rett på bordet på 30 minutt. Håper den fell i smak hjå deg òg!

lakseform med parmesansaus og brokkoli lakseform med parmesansaus og brokkoli Lakseform med parmesansaus og brokkoli

Kvit saus er kjapt og enkelt å lage, og verkeleg ikkje noko du treng kjøpe pose for å klare. Du smeltar enkelt smør, rører inn mjøl og sper med mjølk. Ingen bruning, ingen emulsjon, ingen fare. Her har eg pimpa sausen med litt løk, parmesanost og ein skvis sitron. Det skal ikkje så mykje til å for å få meir smak, og her har eg gjort det heilt utan å ha «prikkar i sausen» som kidsa fryktar. Har du ikkje slike omsyn å ta kan du gjerne smake til med dill i tillegg. Det smakar godt.

lakseform med parmesansaus og brokkoli

Ved å koke pastaen for seg sjølv gjer det ingenting om ein kokar for mykje pasta heller. Det er populær niste å få med seg i matpakken. Eller grunnlag for ein kjapp middag dagen etter.

lakseform med parmesansaus og brokkoli

Har du forresten sjekka ut denne digge lakseretten? Den har blitt populær her på bloggen og er verdt ein kik. Kanskje blir det slik at du bytter ut tacoen med denne?

Oppskrift på Lakseform med parmesan­saus og brokkoli

4 porsjonar / Tid: 30

  • 2 ss smør
  • 1 liten løk
  • 2 ss kveitemjøl
  • 4 dl mjølk
  • 50 g parmesan
  • 1 skvis sitronsaft
  • 1/2 ts salt
  • 400 g laks
  • 1 brokkoli
  • Nykverna pepar
  1. Set omnen på 220 grader over- og undervarme.

  2. Smelt smør i ei lita kasserolle og ha i finhakka løk. La løken surre i 2 minutt, rør så inn mjølet. Spe med mjølka litt etter litt, og rør godt mellom kvar gong for å sleppe klumpar. Ha i parmesanost og la smelte inn. La sausen småkoke i 5 minutt. Rør inn 1 skvis sitronsaft og salt.

  3. Skyl og del brokkolien i små bukettar. Del brokkolistilken opp i terningar. Ha brokkoliterningane i botnen av ei eldfast form. Legg laks på toppen og fordel brokkolibukettane mellom.

  4. Kjør sausen glatt ved hjelp av ein stavmiksar (kan sløyfast), og hell på toppen av forma.

  5. Steik forma midt i omnen i 15 minuttt. Medan laksen steiker kan du koke pasta og servere til.

  6. Servér lakseform med nykverna pepar på toppen.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.