Vekemeny 37

Hei i søndagen! Det var godt å kome i gong igjen med vekemenyane og publisering på bloggen. På dei seks(!) åra matbloggen har vore ein del av livet har eg aldri hatt ei så lang pause frå blogging før som denne sommaren. Det kjendes veldig bra etter eit år med bokskriving, lansering og mykje jobbing. Ingenting gir meir inspirasjon enn å ta ei lita pause og fokusere på andre ting.

Denne veka kjende eg at inspirasjonen var tilbake igjen, og idéblokka er full av nye rettar å publisere på bloggen for vekene som kjem! Og når eg seier at eg har hatt ferie frå bloggen så er det ei sanning med modifikasjonar. For eg har laga mykje mat i vekene som har gått. Og teke bileter. Det er berre siste delen, det å faktisk sette seg ned og logge inn, laste opp og skrive som eg trengde litt fri frå. Tid på kjøkkenet er alltid berre påfyll og nesten meditativt for min del. Fleire som kjenner på den?:)

Då er det berre for meg å ønske deg ei god veke, med desse rettane som inspirasjon:

Mandag

amerikanske pannekaker

Amerikanske pannekaker

Jepp, eg blei rimeleg populær mamma då eg sette denne stabelen på bordet! Pannekaker er sjølvsagt ein stor favoritt blant kidsa her i huset og, og å få servert dei… Fortsett å les »

Tysdag

Fiskegrateng med fullkornmakaroni

Til 4-5 personar treng du: 700 g torsk 250 g fullkornmakaroni 1/2 purre 3 egg 2 ss smør 2 ss kveitemjøl 5 dl mjølk 1/2 ts muskat salt og peppar… Fortsett å les »

Onsdag

blomkål ostesaus

Gratinert blomkål

Gratinert blomkål er ein nydeleg måte å bruke rotgrønsaka som du finn over alt i butikkane no. Med ein kjapp heimelaga ostesaus funkar dette som eit eige måltid. Eller som… Fortsett å les »

Torsdag

kjapp middag

Steikt ørret med brokkoliwok

Steikt ørret med brokkoliwok er ein perfekt måte å bruke opp brokkolistilken på. Den er jo for god til å kaste! Ved å bruke ein mandolin er det like kjapt… Fortsett å les »

Fredag

pasta med pesto, bacon og avokado

Pasta med pesto, bacon og avokado

Pasta med pesto, bacon og avokado er ein rask og enkel middag som smakar nydeleg godt. Grønt er godt! Med sprøsteikt bacon og milde avokadobitar innimellom blir dette ein digg… Fortsett å les »

Laurdag

Haustgryte med vilt og sopp

Haustgryte med vilt og sopp

Haustgryte med vilt og sopp er søndagsmiddagen som regjerer her denne tida på året. Jordleg kryddersmak frå timian blanda med sopp frå skogen og viltkjøt frå frysaren. Her blir det… Fortsett å les »

Søndag

Kyllingsuppe med nanbrød

Kyllingsuppe med nanbrød

Kyllingsuppe med nanbrød passar like bra på ein kvardag som på ein klubbkveld med jentene. Fyll gjerne på med det du måtte like av grønsaker. Dess fleire næringsstoff og vitaminar… Fortsett å les »

Vekas brødmat

Eltefri rundstykke til hytteturen

  Eltefri rundstykker er og blir ein favoritt, og då må vi sjølvsagt lage det når vi er på hyttetur også. Har du ikkje gryte og utstyret du treng seier… Fortsett å les »

Noko godt

Plommesyltetøy med hint av kanel

Plommesyltetøy med hint av kanel er resultat etter store mengder plommer levert på døra frå hagen til mamma og pappa. Det er liksom grenser for kor mykje plommer ein kan… Fortsett å les »

Vekas kake

sunnmørsgodt

Sunnmørsgodt

Kan det vere slik at resten av Noreg kallar denne desserten for Sunnmørsgodt óg? Det høyrdes litt for godt ut til å vere sant. Men etter ein kjapp sjekk på… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.