Sunnmørsgodt

Kan det vere slik at resten av Noreg kallar denne desserten for Sunnmørsgodt óg? Det høyrdes litt for godt ut til å vere sant. Men etter ein kjapp sjekk på Instagram så ser det verkeleg slik ut. Då er det jo ingen grunn til at eg skal kalle den noko anna. Sunnmørsgodt er namnet!

sunnmørsgodt

Sunnmørsgodt

No kan det jo vere at sunnmøringane er overrepresentert i kommenteringa på min Instagram. Så om du ikkje kallar denne desserten for Sunnmørsgodt så kjenner du den kanskje likevel? Den går også under namnet Eton Mess, Puffekrem med bær, Ripsdessert, Himmelsk ripsdessert, Herregårdsdessert, Pikekyss-dessert, Gossegodt og Himmelsk røre. Fellesnemnaren er krem, vaniljekrem, pikekyss og bær.

Om du brukar berre rips eller blandar med blåbær slik eg har gjort er opp til deg. Du kan bruke både ferske og frosne bær, og då treng ikkje bæra å tine først. Bland berre saman med frosne bær, og så tiner det medan det står på kakebordet. Dette gjer at vi gjerne et denne desserten i vintersesongen også.

Brukar du jordbær i staden er det mest vanleg å kalle det for Eton Mess, og då bør jordbæra vere ferske. Eit lite hint med sitronskal eller lime saman med jordbæra kan aboslutt anbefalast. Om du lagar pikekyss sjølv eller brukar ferdigkjøpt er heilt opp til deg og tida du vil bruke på desserten. Denne gongen hadde eg heimelaga pikekyss ferdig på eit tett glas som eg kunne bruke.

sunnmørsgodt

 

Oppskrift på Sunnmørsgodt

6-8 porsjonar / Tid: 10-15 min

Sunnmørsgodt

  • 20-30 pikekyss
  • 3 dl kremfløyte
  • 5 dl vaniljekrem (sjå under)
  • 2-3 ss sukker
  • 3-4 dl rips og blåbær

Vaniljekrem

  • 4 eggeplommar
  • 1 ts vaniljesukker
  • 4 ss maizenna
  • 100 g sukker
  • 5 dl H-mjølk
  1. Visp kremfløyta og sukkeret til luftig krem og vend inn vaniljekremen.

  2. Legg pikekyss, krem og bær lagvis i ei skål.

  3. Nyt!

  4. Heimelaga vaniljekrem: Varm opp mjølka medan du rører til det ryk og nesten kokar. Trekk kasserolla til side. Rør saman eggeplommar, maizenna, sukker og vaniljesukker og hell halvparten av den oppvarma mjølka over medan du rører. Rør godt og hell så alt tilbake i kasserolla og bland med resten av mjølka. Varm opp medan du rører heile tida til kremen tjuknar (Hugs at den stivnar endå meir når den blir kald, så den skal ikkje vere heilt stiv.)Fordel over i ei djup skål og dekk med plastfolie som ligg heilt inntil vaniljekremen, då unngår du snerk på toppen. Set i kjøleskap til avkjøling.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.