Plommesyltetøy med hint av kanel

Plommesyltetøy med hint av kanel er resultat etter store mengder plommer levert på døra frå hagen til mamma og pappa. Det er liksom grenser for kor mykje plommer ein kan ete, og då er plommesyltetøy genialt enkel å lage!
Med plommesyltetøy på glass kan du hente fram den fine haustkjensla når vinteren kjem og det er mørkt og kaldt ute. Nydeleg på nysteikt brød, eller det som har blitt min favoritt no; heimelaga knekkebrød med kremost og syltetøy på. Mmm!

plommesyltetøy med eit hint av kanel

Er du like heldig som meg og har nære som har altfor mykje plommer er det berre å takke ja, å lage syltetøy er slett ikkje vanskeleg. Eigentleg treng du berre to ingrediensar: plommer og sukker. Desse treng berre å koke lenge nok, så vil det blir godt syltetøy. Men for at dette skal gå raskare, og bli skikkeleg vellukka kvar gong kan ein nytte seg av nokre triks.

Koke syltetøy

For at syltetøyet skal bli tjukt må det som heiter pektin i frukta få virke. I plommer er det middels nivå med pektin, og dette blir det mindre mengder av dess meir moden frukta er. For at pektinet skal bli frigitt og fungere som tjukningsmiddel tilset ein syre. Då kan du enten nytte saft frå ein sitron eller ein av posane med syltepulver som du finn på butikken. Så er det berre å la det koke og teste om det er passe tjukt når det har kokt ei stund.

plommesylte

Ferdig?

For å sjekke om syltetøyet har blitt passe tjukt legg du 1 ss av massen på ein flat tallerken og let det stå og kolne i 2-3 minutt. Dra deretter peikefingeren gjennom og sjå om syltetøyet forblir delt eller flyt tilbake til ei masse igjen. Dersom det deler seg fint er det ferdig kokt, om det flyt saman må det koke litt lenger.

syltetøy tykt nok

Sterilisere glas

Set steikeomnen på 100 grader og sett reine og tørre syltetøyglas midt i omnen på ei rist. La dei stå i 10-15. Lokka legg du i ei kasserolle med kokande vatn, og let koke i 5 minutt.

Fyll syltetøy på varme glas og skru på lokket med det samme. For å minske risken for bakteriar er det anbefalt å fylle glaset heilt opp. Når lokket blir skrudd på medan sylta er varm vil det danne seg vakuum i glaset. Oppbevar syltetøyet ditt mørkt og kjøleg.

Alternativet er å fryse syltetøyet. Då må du ikkje fylle glasa heilt fulle, men la det vere igjen litt plass slik at glasa ikkje sprekk i fryseboksen. Har du god plass i frysaren er dette den enklaste metoden, då er du sikra at syltetøyet ikkje mugnar viss du har vore uheldig og ikkje hatt alt heilt sterilt.

Lukke til med syltetøyet!

syltetøy plomme

Oppskrift på Plommesyltetøy med hint av kanel

3-4 glas porsjonar / Tid: 1-3 timar

  • 1 kg plommer
  • 1/2 dl vatn
  • 300-400 g sukker (gjerne halvparten kokosblomstsukker)
  • 1 eple
  • 2 kanelstenger
  • 1-2 ss sitronsaft
  1. Skrell og del eplet i bitar.

  2. Ha plommer, vatn, sukker, eple og sitronsaft i ei kasserolle.

  3. Kok opp og la småkoke, mos gjerne litt saman med ei sleiv.

  4. Når det har byrja å bli flytande kan du legge i kanelstengene og fiske ut plommesteinane etterkvart som dei stig til overflata.

  5. La småputre på komfyren i 1-3 timar, sjekk når det er klar ved hjelp av tallerkentesten (sjå forklaring over).

  6. Fisk ut kanelstengene og kjør syltetøyet glatt med ein stavmiksar, eller la det vere som det er.

  7. Fyll over på reine, varme glas og skru på lokket med det samme.

  8. Oppbevar syltetøyet mørkt og kjøleg.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.