Vekemeny 3

Søndag og tid for å planlegge den komande veka! Har du kome i gjenge igjen etter juleferien? Fått på plass rutinene og fått brukt det nye året? I fjor sette eg som mål for året at vi skulle ete meir vegetarisk mat, eller plantebasert om du vil, og det funka eigentleg bra.

Vi held same målet i år, og eg snik inn grønsaker der eg kan. Ikkje noko stort oppstyr, ingen propaganda og krangling, berre meir grønsaker på alle fat. Har du eit triks i ermet må du gjerne dele det med meg på Instagram:)

Her får du denne vekas meny!

Mandag

falafel med tahinidressing

Falafel med tahinidressing

Falafel med tahinidressing er nydeleg vegetarmat som har krønsj på utsida og mjuk og smakfull innside. For å få best resultat krevst det at du startar minst 12 timar i… Fortsett å les »

Tysdag

tortilla med laks, avokado og spicy dressing

Tortilla med laks, avokado og spicy dressing

Tortilla med laks, avokado og spicy dressing er laga på under tretti minutt og er difor perfekt til rask middag ein heilt vanleg kvardag -men faktisk god nok til å… Fortsett å les »

Onsdag

pasta med pesto, bacon og avokado

Pasta med pesto, bacon og avokado

Pasta med pesto, bacon og avokado er ein rask og enkel middag som smakar nydeleg godt. Grønt er godt! Med sprøsteikt bacon og milde avokadobitar innimellom blir dette ein digg… Fortsett å les »

Torsdag

indisk kyllinggryte med raita

Indisk kyllinggryte med raita

Indisk kyllinggryte med raita har nydeleg kryddersmak og fantastisk fin farge. Ingefærrot og gurkemeie skal jo vere betennelsedempande og er mykje brukt i indisk mat. At ingefærrot smakar godt og… Fortsett å les »

Fredag

taco rester

Tacopai

Tacopai er supert å lage når du har restar av tacoen liggande, og du ikkje har lyst til å ete tradisjonell taco to dagar på rad. I oppskrifta er det… Fortsett å les »

Laurdag

chiligryte med chorizo og sjokolade

Chiligryte med chorizo og sjokolade

Chiligryte med chorizo og sjokolade har vore ei etterspurt oppskrift etter at eg delte ein smakebit frå prosessen på Instastory. Det at to ruter sjokolade smelta i gryteretten gjorde mange… Fortsett å les »

Søndag

Haustgryte med vilt og sopp

Haustgryte med vilt og sopp

Haustgryte med vilt og sopp er søndagsmiddagen som regjerer her denne tida på året. Jordleg kryddersmak frå timian blanda med sopp frå skogen og viltkjøt frå frysaren. Her blir det… Fortsett å les »

Vekas brødmat

hjemmebakt kvardagsbrød

Eltefritt kvardagsbrød

Eltefritt kvardagsbrød blei kåra til verdas beste brød då det kom på bordet tidlegare i år. Sprø skorpe og ingen frø eller kjerner er suksessoppskrifta for å gjere skuleguten fornøgd…. Fortsett å les »

Noko godt

raw almond treat

Rå mandelkonfekt

Rå mandelkonfekt Rå mandelkonfekt er ein vri av den nydelege rå snickers konfekten. Sidan eg kjenner fleire som ikkje toler peanøtter måtte vi lage ein versjon utan peanøttsmør og nøtter, slik… Fortsett å les »

Vekas kake

brownie med søtpotet

Søtpotet­sjokoladekake

Søtpotetsjokoladekake er som tittelen kanskje avslører: sjokoladekake med søtpotet i. Den er saftig og nydeleg på smak. I tillegg til at du fekk lurt inn ei grønsak i ei kake… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.