Reklame

Tacopai

Tacopai er supert å lage når du har restar av tacoen liggande, og du ikkje har lyst til å ete tradisjonell taco to dagar på rad. I oppskrifta er det teke omsyn til at du kan ha ulike mengder kjøt, nettopp fordi dette er perfekt restemat. Bland inn det du har, steik og servèr. Enkelt og godt.

tacopaitacopai

Tacopai

I botnen har eg brukt maislefser som du finn i tacohylla på dei fleste butikkar no. Dei er litt midre i storleik enn dei tidlegare lefsene, og så er bonusen at dei er glutenfrie. Har du andre lefser reduserer du berre mengden lefser slik at du får dekka di form. Du kan også dele lefsene og det blir lettare å dekke forma då.

tacopaiMed lefser som botn, kjøtt og bønner som fyll treng du berre ei paijamning for at dei skal bli perfekt. I denne oppskrifta er det egg og cottage cheese som utgjer denne jamninga. Har du ikkje cottage cheese i hus kan du bruke mjølk eller rømme i staden. Vil du lage tacokrydderet ditt sjølv finn du oppskrifta her.

Håper tacopaien fell i smak!

taco paitaco pai

Oppskrift på Tacopai

4-6 porsjonar / Tid: 45 min

  • 6 maislefser
  • 200-400 g kjøttdeig
  • 1 ss rapsolje
  • 1 løk
  • 2 fedd kvitløk
  • 3 ss tacokrydder
  • 400 g Helios kidneybønner
  • 1 raud paprika
  • 1 gul paprika
  • 3 egg
  • 3 ss cottage cheese
  • 4-5 ss riven ost
  • Nykverna pepar
  1. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.

  2. Hakk løk og paprika i terningar. Finhakk kvitløken.

  3. Steik løken i oljen til den blir blank, ha så i kjøttdeiga og steik vidare.

  4. Krydre med tacokrydder og vend inn finhakka kvitløk.

  5. Skyl av bønene og ha dei i panna saman med paprika. Steik vidare til alt er gjennomvarmt.

  6. Dekk ei eldfast form med maislefser og fordel kjøttdeigblandingar over.

  7. Visp saman egg og cottage cheese, gjerne med ein stavmiksar. Hell blandinga over forma og strø ost på toppen.

  8. Steik paien midt i omnen i 20-30 minutt, til osten er gyllen på toppen. Servér tacopai med tortillachips, guacamole og salsa til.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.