Vekemeny 21
Vekemenyen for den komande veka er klar. Sjølv om det slett ikkje kjennes rett ut å dele den i dag. Det er liksom ikkje søndag før i morgon;) Her får du den i allefall, med eit lite glimt frå gårsdagens vårskitur.
Håper du finn noko som fristar! Ønsker deg ei fin mai-veke!
Vekemeny 21
Mandag
Vegetarisk Sheperd’s pie
Vegetarisk Sheperd’s pie er digg gratinert form som gjerne kan nytast to dagar på rad. Perfekt mat å lage mykje av og servere til gjestar. Eller bruke som middag to… Fortsett å les »
Tysdag
Fisketaco med kvit fisk
Fisketaco er nydeleg godt, og ein perfekt måte å få i familien meir fisk på. Kvit fisk er mild i smaken, og med tacokrydder og tortillachips rundt er det ikkje… Fortsett å les »
Onsdag
Spinatsuppe med egg
Spinatsuppe med egg er irrgrøn på farge og smakar nydeleg godt. Har du ei god kyllingkraft liggande i frysaren er det no du skal leite den opp. Viss ikkje må… Fortsett å les »
Torsdag
Lakseform med parmesansaus og brokkoli
Lakseform med parmesansaus og brokkoli er ein kvardagsfavoritt her i heimen. Laks er favoritt hjå eine sonen og pasta hjå den andre. Då gjer denne retten alle glade, og vi… Fortsett å les »
Fredag
Spagetti med kylling og soltørka tomat
Spagetti med kylling og soltørka tomat er ein enkel kvardagsfavoritt som gjerne blir laga dagen etter at vi har kokt kyllingkraft. Kyllingkraft er helgeaktivitet å koke, og då sit ein… Fortsett å les »
Laurdag
Jukse-pizza med marikåpe og pinjekjerner
Tortillapizza er ein av mine favorittar å ty til når eg ikkje har lyst til å bruke tid på kjøkkenet, men likevel har lyst på noko godt. Denne versjonen blei… Fortsett å les »
Søndag
Kyllinglår med estragonsaus
Kyllinglår med estragonsaus er ein mild rett med gode smakar. Estragon både luktar og smakar nydeleg, og gjer heile sausen i denne retten. Finn du frisk estragon på butikken, eller… Fortsett å les »
Noko godt
Ramsløkpuré og ramsløkpesto
Ramsløkpuré eller ramsløkpesto er nydeleg over salat, pizza og pasta. Og alt mogleg anna. Ramsløk gir ein nydeleg smak til det meste og blir ofte kalla «vill kvitløk». Blada luktar… Fortsett å les »
Brødmat
Speltbrød med rug
Speltbrød med rug er smakfullt og god kvardagsbrød for heile familien. Utan korn og frø, men med god smak av rug. Spelt har jo rykte på seg for å vere… Fortsett å les »
Vekas kake
Pavlova med jordbær og smash
Pavlova med jordbær og smash er perfekt å setje på kakebordet. Her er det krem for dei som likar det best. Bær for dei som har det som favoritt. Og… Fortsett å les »
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.