Spagetti med kylling og soltørka tomat

Spagetti med kylling og soltørka tomat er ein enkel kvardagsfavoritt som gjerne blir laga dagen etter at vi har kokt kyllingkraft. Kyllingkraft er helgeaktivitet å koke, og då sit ein igjen med nydeleg kyllingkjøt som må brukast på ein mandag. Perfekt å kombinere med spagetti og eit glas soltørka tomat.
spagetti med kylling og soltørka tomat

Spagetti med kylling og soltørka tomat

Dersom du ikkje har kokt kyllingkraft kan du bruke to kyllingfiletar i staden. Dei steiker du enkelt saman med løk, kvitløk og soltørka tomat. Litt fløyte på toppen og ein dæsj av kokevatnet frå spagettien. Og voila! Sausen er ferdig akkurat når spagettien er ferdigkokt.

spagetti med kylling og soltørka tomatHar du restar er denne super å steike på panne dagen etter. Her snakkar vi digg lunsj, enkelt middag eller luksuskveldsmat på få minutt! Har du frisk timian ståande i vindaugskarmen kan du strø litt over, og det same om du har ein sitron liggande. Mmm! Pass uansett på å krydre godt med salt og pepar, det gjer retten nydeleg godt!

spagetti med kylling og soltørka tomat

Oppskrift på Spagetti med kylling og soltørka tomat

4 porsjonar / Tid: 30 min

  • 400 g spagetti
  • 1 ss olivenolje
  • 3 sjalottløk
  • 1 fedd kvitløk
  • 10-12 soltørka tomat i olje
  • 300 g kylling
  • 1 dl fløyte
  • 1-2 dl kokevatn frå spagettien
  • 1 skvis sitron
  • Salt og pepar
  • Ruccola
  1. Kok opp ei stor gryte med vatn og kok spagettien etter oppskrift på pakken.

  2. Del sjalottløk og soltørka tomat i bitar, finhakk kvitløken.

  3. Fres løken til den blir blank, ha i kvitløk og soltørka tomat.

  4. Del kyllingen i bitar og la den steike med i panna. Har du ferdig kokt eller steikt kylling blandar du den berre inn slik at den blir varm.

  5. Bland inn fløyte, litt kokevatn frå spagettien og ein skvis sitron.

  6. Hell av kokevatnet frå spagettien og vend inn sausen med det same. Spar gjerne på litt av kokevatnet, og spe dersom retten står litt og blir for tørr.

  7. Servér spagetti med kylling og soltørka tomat saman med ruccola, nykverna salt og pepar på toppen.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.