Vekemeny 18
Vekemeny 18 er klar, og der var det plutseleg snart over og ut for april. Den beste tida av året er her! Lysare for kvar dag, varmare for kvar dag. Spirande blomar, grønskjær på treda og storstilt snøsmelting. Vi er heldige som har årstider!
Håper våren gir deg meir energi og lyst til å lage noko godt på kjøkkenet! Eg kjenner i allefall at brødbakinga er lystbetont igjen etter ein mørk vinter. Her får du forslaga til kva du kan diske opp med i heimen.
Vekemeny 18
Mandag
Falafel i pitabrød
Falafel høyrest so eksotisk og vanskeleg ut, og så er det eigentleg noko av det enklaste ein kan lage på kjøkkenet -og så godt! Du må rett nok ha eit… Fortsett å les »
Tysdag
Fiskegrateng med potetmos
Fiskegrateng med potetmos er familievenleg mat som både små og store likar. I denne versjonen er det reker, men det kan du hoppe over om det finnast skeptikarar. Eller så… Fortsett å les »
Onsdag
Varmande linsesuppe med gulrot og ingefær
Linsesuppe med gulrot og ingefær er varmande og lindrande på ein kald haustdag. Med krydder som også har andre funksjonar funkar denne perfekt om du kjenner på litt sår hals… Fortsett å les »
Torsdag
Lasagne med laks og spinat
Lasagne med laks og spinat er utan tomatsaus som i den vanlege lasagnen, men har lasagneplater og krema saus. Fyll godt på med spinat og ikkje ver redd for å… Fortsett å les »
Fredag
Pizza med chorizo og mozzarella
Botn: 2,5 dl lunka vatn 5-6 dl kveitemjøl 2 ss olivenolje 1 ts salt ½ pk tørrgjær Pizzasaus med paprika og løk: 1 ss olivenolje 1 løk 1 paprika ½-1… Fortsett å les »
Laurdag
Baconsurra kylling med krema pasta
Baconsurra kylling med krema pasta er ein av desse deilige kvardagsmiddagane som er raske å lage og lette å like. Her er det berre å steike kyllingen, eller grille… Fortsett å les »
Søndag
Chiligryte med søtpotet og linser
Chiligryte med søtpotet og linser er ein av mine favorittgryter å lage, og ei gryte som eg ofte lagar i ulike versjonar. Denne versjonen med søtpotet har blitt ein gjengangar… Fortsett å les »
Noko godt
Glutenfrie sjokoladekjeks
Glutenfrie sjokoladekjeks er seige, gode og med store sjokoladebitar midt i. Perfekt! Med karamellsmaken frå brunt sukker eller kokosblomstsukker blir desse kjeksa ekstra gode. Kokosblomstsukker finn du på helsekost, og… Fortsett å les »
Brødmat
Grove Pinnebrød
Grove pinnebrød har havregryn og speltmjøl i staden for kveitemjøl, og smakar nydeleg etter nokre minutt over bålet. Utemat og bålkos på sitt beste! Denne helga vart alle planar skrinlagde… Fortsett å les »
Vekas kake
Naked cake
Då min kjære feira dagen sin i desember nytta eg høvet til å få testa ut den nye trenden med «naked cake». Kake utan krem på utsida, men med krem… Fortsett å les »
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.