Naked cake

naked cake

Då min kjære feira dagen sin i desember nytta eg høvet til å få testa ut den nye trenden med “naked cake”. Kake utan krem på utsida, men med krem og fyll godt synleg ser verkeleg lekkert ut. Ei skikkeleg festkake som er like god for augene som for ganen, perfekt til kakebordet med andre ord. Sukkerbrødet lagar du klar dagen før, så kan du berre vispe krem og montere kaka før ho skal serverast. “Piece of cake” med andre ord;)

Til denne kaka treng du 2 sukkerbrød:

1 sukkerbrød:

  • 5 egg
  • 100 g sukker
  • 120 g kveitemjøl
  • 1 ts vaniljesukker
  • 1 ts bakepulver

Fyll:

  • 3 dl kremfløyte
  • 1 korg jordbær
  • 1-2 brett blåbær
  • 1-2 dl eplejuice
  • 5-6 ss aprikossyltetøy
  • Melisdryss på toppen (kan sløyfast)
  • Vaniljekrem:
    • 3 eggeplommer
    • 3 ss sukker
    • Frø frå ei vaniljestang el. 1 ts vaniljesukker
    • 2 ts maizena
    • 2 dl mjølk
bløtkake

Slik gjer du:

Sukkerbrød:

  1. Set omnen på 175 grader.
  2. Visp egg og sukker leeeenge (ca 10 min) til du får veldig luftig eggedosis.
  3. Bland det tørre og sikt dette i. Vend det forsiktig inn til du har ei glatt røre.
  4. Kle ei rund kakeform (ca 24 cm) med bakepapir i botnen og hell røra i.
  5. Steik sukkerbrødet til det er ferdig, det tek ca 30 min. Du finn ut om det er ferdig ved å stikke ein kakepinne/strikkepinne i midten av kaka. Er det ikkje røre på pinnen når du dreg den opp er kaka ferdig. (Eg steiker alltid sukkerbrøda åleine i omnen, og heller i to omgongar, då blir dei jamnast steikt).
  6. Avkjøl sukkerbrødet i forma før du losnar det frå kanten med ein kniv. Avkjøl heilt før du deler det i to.

Vaniljekrem:

  1. Ha alt i ei kasserolle og bland godt.
  2. Varm opp på middels varme til det tjuknar, medan du rører heile tida.
  3. Avkjøl
sukkerbrød

Montering:

  1. Del sukkerbrøda i to og legg ein del på kakefatet. Bruk ein gaffel og fordel utover 1/3 av eplejuica
  2. Visp kremfløyta luftig.
  3. Legg aprikossyltetøy, kremfløyte og bær på botnen, legg på eit nytt sukkerbrød.
  4. Dynk med eplejuice som på første laget og legg på eit lag vaniljekrem og bær. (Legg du fyllet heilt til kanten vil det renne nedover kaka, så stopp gjerne ca 1 cm frå kanten.)
  5. Nytt sukkerbrød, dynk med eplejuice og ha over aprikossyltetøy, krem og bær.
  6. Avslutt med siste sukkerbrødet.
  7. Pynt med bær på toppen og sikt melis over som pynt.
17.mai kake

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.