Grove Pinnebrød

GÅ RETT TIL OPPSKRIFTA

Grove pinnebrød har havregryn og speltmjøl i staden for kveitemjøl, og smakar nydeleg etter nokre minutt over bålet. Utemat og bålkos på sitt beste!

Denne helga vart alle planar skrinlagde i det vi vakna laurdag morgon. I løpet av natta var landskapet heilt kvitt, og då var det berre å utsetje alt som utsetjast kunne og dra på seg vinterkleda. Kidsa var i ekstase og både laurdag og søndag var det berre inn for å ete, tørke klede og få varmen i seg igjen før det var meir snømoro på agendaen.

pinnebrød

Grove pinnebrød

Søndag fyrde vi opp bålpanna og alle som var i nærleiken fekk ein liten deigklump og ein spiddepinne. Nokre pinnebrød blei sjølvsagt svarte, nokre datt i bålet og nokre var mest deig og lite brød -akkurat slik det skal vere med pinnebrød!

Så sjarmerande koseleg og så stas å ete brødet rett frå pinnen, spesielt når ein har grilla det sjølv. Litt grovare pinnebrød med havregryn og spelt funka som gull og blei godkjendt av heile bølingen! Fekk du lyst å prøve sjølv? Håper pinnebrøda fell i smak!

bålpanne

Vil du sjå meir matinspo? Følg meg gjerne på Instagram og tag meg gjerne når du lagar noko frå bloggen. Alltid stas å sjå oppskriftene i bruk!

Oppskrift på Grove Pinnebrød

ca 8 porsjonar / Tid: 15 min + grilling på bålet

  • 3 dl lettkokte havregryn
  • 3 dl speltmjøl
  • 2 ts bakepulver
  • 1 ss honning/sukker
  • 1 ts salt
  • 1/2 dl rapsolje
  • 2 dl vatn
  1. Bland saman alt det tørre, rør inn det våte og juster eventuelt med litt meir speltmjøl om deiga er alt for laus.

  2. Pakk i ei boks/ein pose og ta med. Ta gjerne med litt ekstra mjøl i ei eigen pose.

  3. Del opp deiga (eg tok med slikkepotten), klapp litt mjøl på om det trengst og form til ei lang pølse.
    Tvinn pølsa i eit tynt lag rundt spiddepinnen og steik på bålet.

  4. Nyt rett frå pinnen, eller et med godt syltetøy til.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!