Pizza med artisjokk og spinat
Pizza med artisjokk og spinat er aboslutt verdt å prøve om du vil ha ein ny vri på pizzaen din! Eg har brukt artisjokkhjarter frå boks, sidan det er sjeldan å finne denne grønsaken på butikkane her på Sunnmøre. Finn du derimot fersk kan du gjerne nytte det i staden. Då kan du koke artisjokk slik vi gjorde det året vi var i Asia.
Pizzabotnen i oppskrifta er glutenfri, men om du heller vil lage pizza med vanleg mjøl kan du bruke denne oppskrifta i staden. Det vel du akkurat slik det passar deg, sjølv om denne glutenfrie kan anbefalast. Den smakar digg!
Når vi skal lage pizza her i huset går vi berre i frysaren og tek opp ei boks med heimelaga pizzasaus. Det gjer terskelen for å lage heimelaga pizza veldig låg. Ikkje det at det er vanskeleg å lage pizzasaus. Men det er himla digg med mindre oppvask enn strengt naudsynt. Med ferdig batch i frysaren blir oppvasken berre ein gong i månaden i staden for kvar helg. Supertriks der altså!
Og du! Ein siste ting. Du kan sjølvsagt skippe baconbitane og lage ein heilt vegetarversjon. Det er også heilt opp til deg å avgjere. Kos deg med pizza!
Oppskrift på Pizza med artisjokk og spinat
Pizzabotn
- 2 dl vatn
- 1 ts tørrgjær
- 2 ss rismjøl
- 1 ss maismjøl + litt ekstra til utbaking
- 3 ss maisenna
- 50 g bokhvetemjøl
- 1/2 ts salt
- 1 ss psyllium/fiberhusk
Topping
- Pizzasaus
- 6-8 artisjokkhjerter ( 1 hermetisk boks)
- 2 dl finhakka spinat (fersk eller tina)
- 3 skiver bacon
- 1/2 liten løk
- 1-2 dl riven ost
- 2 ss pinjekjerner
Rør saman deiga og la heve så lenge du har tid. Gjerne kaldheving i kjøleskap over natta, eller på benken i 1/2-2 t. Deiga skal vere ganske flytande, men vil bli tjukkare etter at den har fått stått ei stund.
Set omnen på 250 grader og set inn ein pizzastein (eller eit bakebrett) midt i omnen.
Skrap deiga over på eit bakepapir som du har dryssa litt maismjøl over. Strø endå litt meir mjøl på toppen og bruk henda til å klappe og forme deiga til ein rund pizzabotn. Strø litt meir maismjøl over ettterkvart, dersom deiga blir veldig klissete.
Del baconstrimlane i tre og steik dei i ei steikepanne til dei blir sprø.
Stryk ut over pizzasaus og strø over litt ost. Legg så på artisjokkhjerter delt i to, sprøsteikt bacon, spinat og løkskiver. Strø resten av osten på toppen.
Steik pizzaen på bakestein eller varmt bakebrett til den er gyllen både over og under. Følg med! Kanskje må du senke temperaturen til 230 grader på din omn? Dette varierar frå omn til omn. Steiketida hjå meg var ca 10 minutt.
Ha pinjekjerner i ei tørr steikepanne og la dei blir gylne. Strø rista pinjekjerner og nykverna pepar over pizzaen og servér med det samme.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.