Kokt artisjokk

artisjokk

Eg diggar å ha så mykje frukt og grønsaker lett tilgjengeleg dette året og får strøke ut så mange rettar og ingrediensar frå to-cook lista mi. Ein av desse var artisjokk, og det har blitt ein fin snack å lage. Har du sett ei finare grønsak?

Artisjokk er slett ikkje vanskeleg å lage, du kokar det på same måte som ei potet. Korleis ein skal ete det, krev litt meir forklaring -men eg håpar at bileta eg legg ved gir god forklaring slik at du får lyst til å prøve.

kokt artisjokk

Til 1 person treng du:

  • 1 artisjokk
  • 2 sitronskiver
  • 1 fedd kvitløk
  • 1 laurbærblad

Dip:

  • olivenolje
  • salt og peppar
  • sitronsaft
koke artisjokk

Slik gjer du:

  1. Del av toppen av artisjokken (ca 1/3) og gni toppen med litt sitronsaft viss du vil unngå at den blir brun. Skjær av stilken.
  2. Ha artisjokken, sitronskivene, knust kvitløk og laurbærblad i ei kasserolle med vatn.
  3. Kok opp og la småkoke under lokk i 40-45 min.
  4. La artisjokken renne av seg og avkjøle litt.
  5. Rør saman dippen.
  6. Dypp eit blad i dippen som ei skei og set bladet mellom tenna. Dra ut det lille kvite kjøtet nedst og et dette. Gjer dette med alle blad som har kjøt på seg (ikkje dei innerste).
  7. Skrell av det siste av blada og bruk ei skei til å fjerne dei løvetann-liknande håra.
  8. No sit du igjen med artisjokkhjartet (det beste) og dette kan du dele opp i mindre bitar og ete med det samme eller servere på pizza/ha i ein salat. Du kan også fint oppbevare det i kjøleskap i 2-3 dagar.
hvordan spise artisjokk artisjokk hjerte skrelle artisjokk

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.