
Vekemeny 9
Vekemeny 9 er klar, og det betyr for vår del at vinterferien er overstått! Det har ikkje vore store ferie-veka for dei fleste her i huset, mest meir logistikk og planlegging enn ei vanleg veke for å få kabalen til å gå opp. Men den gjekk opp, og det blei tid til litt ekstra kos på tampen av veka.
Bonusen med slike veker er at det som regel kjem nokre utflytta sambygdingar heim på ferie, og det er alltid stas. Målet er sjølvsagt å få dei til å flytte heim til bygda igjen, men det ser ut til å bli vanskeligare og vanskeligare dess eldre vi blir… Gode triks må gjerne delast;)
Men tilbake til vekemenyen! Her får du forslaget til kva du skal setje på bordet den komande veka. Håper du finn noko som fristar. Enjoy!
Mandag
Fargerik grønkålsalat
Denne fargerike salaten har eg fått fortalt og skildra av ei venninne som har blitt fantastisk flink til å tenkje fargar på maten ho serverer til familien. Et alle fargane… Fortsett å les »
Tysdag
Easy peasy pasta
Easy peasy pasta er middagen du treng den dagen du ikkje har tid til å lage middag. Du veit når det er strålande sol ute og du vil berre få… Fortsett å les »
Onsdag
Jordskokksuppe med sprøsteikt spekeskinke
Jordskokk er i sesong ein bitteliten del av året, og då gjeld det å nytte denne knallgode rotgrønsaka for det den er verdt. I Malaysia fann eg den under det… Fortsett å les »
Torsdag
Torsk med spekeskinke og jordskokkpure
Dette blei ein stor favoritt her i heimen -og har allereie hatt reprise fleire gongar, før den i det heile har kome på bloggen! Eg må nesten dele æra med kassadama… Fortsett å les »
Fredag
Reker og loff
Reker, loff og majones høyrer lange sommarkveldar til, og er enkel mat å servere når ein har gjestar. Rekene treng berre å tine så er dei klare, og då har… Fortsett å les »
Laurdag
Grillet kjøtt med maissalat og chimichurri
Grillet kjøtt med maissalat og chimichurri i samarbeid med Helios /annonse/ Grillet kjøtt med maissalat og chimichurri er nydelig grillmat som krever liten innsats på kjøkkenet. Sausen rører du sammen… Fortsett å les »
Søndag
Sommarfugl-kylling med omnsbakte rotgrønsaker
Sommarfugl-kylling er heiltsteikt kylling bretta som ein sommarfugl. Du fjernar ryggbeinet på kyllingen (du kan også fjerne brystbeinet, men det er ikkje nødvendig), og brettar kyllingen flat slik at den… Fortsett å les »
Noko godt
Nutella Cookies
Dei gongane vi har reist til syden (les: Mallorca og Gran Canaria) med kidsa har vi kjøpt Nutella kvar gong. Nutella på glass, slik at vi kan ta med glasa… Fortsett å les »
Vekas brødmat
Nøttebrød med tørka aprikos
Nøttebrød med tørka aprikos er nydeleg på smak og veldig enkelt å lage. Deiga, eller røra som det best kan kallast, skal berre rørast saman og hellast i ei brødform…. Fortsett å les »
Vekas kake
Raw-kake med bringebær
Raw-kake med bringebær er mi første raw-kake! Den blei kjempegod – den andre gongen eg laga den.. Sidan det ikkje er sukker i kaka er det alfa og omega at… Fortsett å les »
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.