Fargerik grønkålsalat

fargerik grønkålsalat

Denne fargerike salaten har eg fått fortalt og skildra av ei venninne som har blitt fantastisk flink til å tenkje fargar på maten ho serverer til familien. Et alle fargane i regnbogen -kvar dag er jo anbefalinga frå fleire hald. Serverer du denne salaten til lunsj eller ved sidan av middagen får du mange fargar på ein gong, og ein nydeleg smak som bonus! Prøv du og då vel:)

Til ein porsjon treng du:

  • 2 nevar grønnkål
  • 1 gulrot
  • 1 liten rødbete
  • 1 ss chiafrø (kan sløyfast)
  • 10-12 rå nøtter (valnøtter, pistasjenøtter, cashewnøtter)
  • litt god olivenolje, ekstra virgin
  • salt og peppar
grønnkål

 

Slik gjer du:

  1. Skyll salatblada godt, og tørk dei i ei salatslynge. Riv av blada i små bitar og kast stilken.
  2. Riv gulrota på eit rivjarn og skjær rødbete i tynne skiver med ein ostehøvel eller ein mandolin. Legg over salatblada.
  3. Strø over chiafrø, nøtter, salt og peppar.
  4. Ringle over litt av di beste olivenolje.
  5. Nyt:)
grønkål salat

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.