Nutella Cookies

nutella cookies

Dei gongane vi har reist til syden (les: Mallorca og Gran Canaria) med kidsa har vi kjøpt Nutella kvar gong. Nutella på glass, slik at vi kan ta med glasa heim og bruke dei som drikkeglas. Dette var nemleg stor stas då eg var lita og reiste på ferie med mine foreldre. (At det endar med ei svare krangling om kven som skal ha glaset med Madagaskar på og kven som må ta Smurfe-glaset er ei anna historie….)

nutellakjeks

Men tilbake til Nutellaen. I fjor hadde vi eit sånt glas ståande som sårt trengde å blir oppbrukt, og då laga eg desse Nutellakjeksa her. Eg tok dei med på ein rask fjelltur bak huset vårt og fekk tatt bilete den lille timen det var dagslys nok og hadde tenkt å dele med dykk. Men det var berre det at det var første veka i januar… Og første veka i januar er ikkje veka for å dele oppskrift på nydeleg cookies altså. Og vips…så hadde året gått og eg hadde heilt gløymt kjeksa! Før vi «plutseleg» hadde eit glas nutella ståande i skapet igjen. Nutella Cookies blei løysinga!

nutella nutella kjeks

Eg er usikker på kvar eg fann denne oppskrifta, men eit raskt googlesøk viser at Kristine og detsoteliv.no har ei som liknar veldig, så utan å vere heilt sikker kan det vere der i frå eg har notert den. Sånn at alt skal vere på det reine:)

Oppskrift på Nutella Cookies

ca 20 kjeks / 10 porsjonar / Tid: 30 min

  • 2,5 dl Nutella
  • 2 dl kveitemjøl
  • 1 dl sukker
  • 1 egg
  • 1-2 ss vatn
  1. Rør saman alle ingrediensane til du får ei jamn røre. Bruk akkurat nok vatn til at du klarer å røre det saman. Deiga skal vere ganske tørr.

  2. Bruk to skeier for å lage små eller store kjeks på eit bakepapirkledd steikebrett. (Røra flyt utover ved steiking, så det kan vere lurt å lage litt små med høge toppar.)

  3. Steik midt i omnen på 180 grader i ca 10 min. (Nesten rennande, men dei stivnar til på brettet.)

  4. Avkjøl på bakepapir ei stund, før du flyttar dei over på rist og let avkjøle heilt.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.