
Vekemeny 8
Vekemeny 8 betyr at vinterferien har kome til Sunnmøre. Kanskje er det vinterferie i din heim òg? Det betyr ofte betre tid til frukost, tid til å prøve noko nytt til middag og tid til å bake.
Gjærbakst står aller høgast i kurs hjå mine born, og det første dei spør etter når vi skal lage noko i lag på kjøkkenet. Det er faktisk ikkje meir enn nokre få dagar sidan min eldste spurde meg om ikkje vi skulle bake noko i lag snart, og då smeltar jo matbloggar-hjartet veit du. Så her i heimen blir det baking den komande veka, sjølv om vi vaksne ikkje kan skryte av vinterferie.
I tillegg blir det nok ein middag med skrei, no når denne er på sitt aller beste. Den finn du i alle matbutikkar no, og då gjeld det jo å nytte høvet å få i seg meir fisk. I vekemenyen finn du eit forslag på middag med torsk, eller så kan du bruke søkjefeltet og søkje etter spesifikk skrei-oppskrift her på bloggen. Men alle rettar merka med torsk er altså skrei-brukandes.
Då står det berre at å ønskje deg ei fin veke, og så snakkast vi på Instagram, Facebook eller Snapchat:)
PS. Fekk du forresten med deg YouTube-filmen eg publiserte denne veka? Viss ikkje kan du klikke inn her og sjå den. Og så må du gjerne trykke abonner, slik at du får med deg neste gong det kjem ein film frå denne kanten!
Mandag
Asiatiske risnudlar med grønsaker
Asiatiske risnudlar med grønsaker er «comfort food» som du slurpar i deg med gaffelen i eine handa og tallerkenen i andre. Deilige asiatiske smakar blanda med risnudlar og friske grønsaker…. Fortsett å les »
Tysdag
Steikt torsk med søtpotetstappe og eggesmør
Steikt torsk er ein av mine favorittar å lage når vi kjem heim frå jobb, skule og barnehage. Det går raskt, er sunt og smakar så godt, om du lagar… Fortsett å les »
Onsdag
Blomkålsuppe med sprøsteikt spekeskinke
Blomkålsuppe med sprøsteikt spekeskinke er ein nydeleg klassikar av ei suppe. Suppa har mild og rund smak av blomkål og salt og sprø topping. At suppa er klar på under… Fortsett å les »
Torsdag
Fiskegrateng med erter
Fiskegrateng med erter har deilig muskatsmak frå kvit saus, er fluffy av stivpiska eggekviter og fylt med grøne, gode erter.
Fredag
Tortilla med laks, avokado og spicy dressing
Tortilla med laks, avokado og spicy dressing er laga på under tretti minutt og er difor perfekt til rask middag ein heilt vanleg kvardag -men faktisk god nok til å… Fortsett å les »
Laurdag
Pizzasnurr
Pizzasnurr er fine porsjonspizza og enkle å ete for små hender. Desse laga eg som vegetarversjon, men om du vil ha kjøttfyll i er det berre å fylle i din… Fortsett å les »
Søndag
Lammesteik i surmelk
Denne lammesteika hadde vi til middag sist helg, med stor suksess. Eg tok meg ein tur på biblioteket og blada i mange fine og rare kokebøker og kom over lammesteik… Fortsett å les »
Noko godt
Rocky road fudge med marsipan og pistasjenøtter
Rocky Road Fudge har blitt ein stor suksess her i heimen, og vi eksperimenterar med nye versjonar jamt. Denne gongen er det pistasjenøtter og marsipan som har fått vere med,… Fortsett å les »
Vekas brødmat
Grove rundstykker
Grove rundstykker er alltid populært å få servert til frukost eller å få ha med i matpakken. Ekstra godt er det å kunne dekkje kjøkkenbordet med godt pålegg og servere… Fortsett å les »
Vekas kake
Key Lime Pie
Key Lime Pie er ein kjend pai eller kake som stammar frå Key West sør for Florida. Kaka har lime, søt kondensert mjølk og egg som fyll -ein kombinasjon som… Fortsett å les »
Vekas gjærbakst
Fastelavnsbolle med syltetøy og krem
Fastelavnsbolle med syltetøy og krem Det nærmar seg den søndagen i året igjen! Den med krem og bollar og syltetøy –all over the place. Fastelavnsbollar er absolutt finast å sjå… Fortsett å les »
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.