Vekemeny 50

Vekemeny 50 er på plass og vi tender det tredje lyset i adventskransen. Her i huset har Santa Lucia stått på repeat siste veka, for på tysdag skal seksårsklubben i barnehagen gå Lucia må vite -og då må ein kunne teksten! Den nye Santa Lucia songen frå «Jul i Svingen» er utan tvil min favoritt -hels spelt og songe akustisk av Odd Nordstoga. Har du ikkje høyrt den før må du søke den opp og nyte!

I veka som har gått har bloggen fått eit teknisk løft, og om du var av dei uheldige som blei råka av treg nettside for ei knapp veke sidan ber eg om orsaking for det. Eg er svært takksam for alle meldingar og «heads up» når noko ikkje fungerer, og gjer mitt beste for å få ordna opp snarast råd.

Eit innspel eg har fått siste vekene er frå lesarar som står på matbutikken og opplever at bloggen ikkje kan visast akkurat i det dei skal handle inn nokre spesielle ingrediensar.  Slik kan det i tilfelle sjå ut:

Løysing:

Pass då på at telefonen din ikkje har logga seg på nettverket i butikken automatisk -for dette nettverket kan vere sperra for nettsider/bloggar. I tilfelle må du skru av det trådlause på telefonen, eller kanskje aller helst gå inn på innstillingar og velje at telefonen ikkje skal kople seg på ukjende nett utan godkjenning frå deg. Når du er over på 4G igjen vil nettsida fungere som den skal:)

Bortsett frå at matbutikken sitt nettverk gjer dette skal alt vere i orden og både søkefelt og opplasting skal fungere! Og i tilfelle ikkje må du gjerne sende meg ein snap eller ei melding som sagt:)

Er du matbloggar eller matinstagramar må du henge deg med og bli med på #oppskriftsutfordringen denne månaden! Her kan du lese meir om korleis og om temaet #julekrydder.

Ha ei fin veke!

 

Mandag

asiatisk risnuddel

Asiatiske risnudlar med grønsaker

Asiatiske risnudlar med grønsaker er «comfort food» som du slurpar i deg med gaffelen i eine handa og tallerkenen i andre. Deilige asiatiske smakar blanda med risnudlar og friske grønsaker…. Fortsett å les »

Tysdag

skrei

Steikt skrei med appelsinsaus

Steikt skrei med appelsinsaus er ein nydeleg ny og frisk måte å servere skrei på. Skreien er i sesong frå januar til april og er på sitt aller beste no,… Fortsett å les »

Onsdag

brennsnut av fenalår

Brennsnut med fenalår

Brennsnut er ein av mine absolutte middagsfavorittar, og det eg tyr til oftast når det skal serverast mat til mange. Då vi inviterte familien til 7-års bursdag rett over nyttår… Fortsett å les »

Torsdag

Enkel kyllingform med spinat og soltørka tomat

Denne forma er mild og god og er enkel å servere til mange. Eg serverte den med fullkornpasta slik at det var eit alternativ å berre ete pasta for dei… Fortsett å les »

Fredag

tortilla pizza

Tortillapizza med tacokjøtt

Tortillapizza er ein av mine favorittar når eg har lyst på noko godt, men ikkje vil bruke tid på kjøkkenet. Her trengst det ingen heving, benken blir ikkje skitna til,… Fortsett å les »

Laurdag

heimelaga hamburger

Hamburger med BBQ-saus

I fjor laga eg min første BBQ-saus, og det var jo både enkelt og veldig, veldig godt. Det måtte vi sjølvsagt ha i år også, og her får du årets… Fortsett å les »

Søndag

lam

Braisert lammeskank med marokkansk curry

Braisert lammeskank høyres spanande og vanskeleg ut, men tyder berre at du skal brune kjøtet før du legg det i ei gryte med lokk og let det steike/koke vidare i… Fortsett å les »

Noko godt

hjemmelaget karamell fudge

Karamellfudge

Karamellfudge treng vel kanskje ikkje noko nærare forklaring? Du finn desse gode mjuke, eller steinharde, fudgebitane i alle smågodtdiskar på matbutikkane. Men det er himla enkelt å lage dei sjølv,… Fortsett å les »

Vekas brødmat

brytebrød med havregryn

Brytebrød med havregryn

Brytebrød med havregryn er eigentleg rundstykker med havregryn, steikt på ein litt finare måte. Sidan det er jul og all ting! Eg nytta ei vanleg rund kakeform på 24 cm,… Fortsett å les »

Vekast julebakst

tebriks

Tebriks

Desse tebriksa har eg fått oppskrift på frå ei kjekk nabodame. Ho er ein racer på alle typar gjærbakst, og produserer nok til å fø både bestemødrer og anna slekt… Fortsett å les »

Vekast julekake

Harde vaflar

Vaflar er ein sikker vinnar og noko som fell i smak hjå dei fleste gjestar. Men vaflar er jo absolutt best når dei er nysteikte. Kva gjer du då når… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.