Harde vaflar
Vaflar er ein sikker vinnar og noko som fell i smak hjå dei fleste gjestar. Men vaflar er jo absolutt best når dei er nysteikte. Kva gjer du då når du skal servere vaflene dagen etter? Jo då lagar du harde vaflar med potetmjøl, også kalla tørre vaflar, kakevaflar og hardevaflar! Knallgode og haldbare, nesten som kjeks:)
Du treng:
- 4 egg
- 250 g sukker
- 250 g smør
- 350 g potetmjøl
- 200 g kveitemjøl
- 2 ts bakepulver
- 1 ts vaniljesukker
Slik gjer du:
- Smelt smøret og la det avkjøle litt.
- Pisk egg og sukker til luftig eggedosis.
- Ha i smøret litt og litt.
- Bland saman alt det tørre.
- Sikt det tørre i og vend inn.
- Smør vaffeljarnet med litt smør og steik vafler på vanleg måte.
- Avkjøl på rist og oppbevar i tett boks.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.