Hamburger med BBQ-saus

hamburger med bbq-sausI fjor laga eg min første BBQ-saus, og det var jo både enkelt og veldig, veldig godt. Det måtte vi sjølvsagt ha i år også, og her får du årets versjon! Vi brukte den på hamburger, rett og slett som ein saus og det funka veldig bra. Men du kan sjølvsagt bruke den på anna type grillmat! Oppbevar restane i eit tett glas i kjøleskapet, så har du BBQ-saus klart neste gong du skal grille noko.

Hamburger med BBQ-saus

Hamburger med BBQ-saus til 3-4 personar:

Hamburger:

  • 400 g karbonadedeig
  • 1 ts salt
  • 1 egg

Hamburgerbrød:

  • 2 dl vatn
  • 1,5 dl mjølk
  • 1 ss sukker
  • 3 ss olivenolje
  • ½ pk tørrgjær
  • ca 500 g kveitemjøl
  • 1 ts salt
  • sesamfrø

BBQ-saus:

  • 2 ss ghee (eller smør)
  • 1 løk
  • 2 fedd kvitløk
  • 400 g hakka tomat
  • 2 ss ketchup
  • 2 ss sennep (gjerne dijon sennep)
  • 1 ts raud chili
  • 1 ts peppar
  • 1/2 dl eplecider eddik
  • 100 g kokossukker eller brunt sukker

Forslag til tilbehør

  • tomat
  • crispisalat
  • sylteagurk
  • gulrot
  • rødkål
heimelaga bbq saus salat til hamburger

Slik gjer du:

Hamburgerbrød:

  1. Varm mjølka til den er fingervarm og bland den med resten av ingrediensane.
  2. Elt for hand eller med kjøkkenmaskin til du har ei smidig deig.
  3. La heve så lenge du har tid, gjerne 1-2 timar.
  4. Del opp deiga i åtte emner, bruk godt med mjøl på henda og trill ut åtte bollar.
  5. Trykk bollane litt flate og la dei heve i 20-30 min.
  6. Pensle hamburgerbrøda med mjølk og strø over sesamfrø.
  7. Steik på 200 grader i ca 10 min, til dei er gyldne.
  8. Avkjøl på rist.

BBQ-saus:

  1. Del løken i terningar og finhakk kvitløken.
  2. Steik i ei panne saman med ghee/smør til løken er blank.
  3. Ha i resten av ingrediensane og kok opp.
  4. La småputre i 10-15 min, før du kjører glatt med stavmiksar.
  5. Hell over på eit glas, la avkjøle og oppbevar i kjøleskap.

Hamburger:

  1. Rør alle ingrediensane saman til du får ei litt seig deig. Raskt i kjøkkenmaskin (eg brukte K-spaden på Kenwoodmaskina) eller litt lenger for hand.
  2. Del i tre eller fire og form dei til kvar sin ball og trykk dei ca 1 cm flate.
  3. Steik på middels-høg varme på kvar side, til dei er gjennomsteikte, anten på grill eller i steikepanne.
Hamburger med BBQ-saus

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.