Vekemeny 44

Og vips så var oktober over og vi er klare for november og den mørke tida. Tid for å tende lys, lage varm kakao og pusle med inneaktivitetar. Det er lov å byrje å tenke på julebaksten, julegåvene og juleferie. November er den mørkaste månaden, og den treng all hjelp den kan få for å bli så lys og triveleg som den kan spør du meg.

vekemeny 44

Denne veka kick-startar med Halloween måndag, og i ein heim med to kids på 5 og 7 år er dette ein av årets store hendingar. Dei har talt ned i ei veke no, og graskaret kom på trappa i går ettermiddag. Då hadde dei venta lenge nok syntest dei!halloween gresskarMor i huset gler seg til slutten av veka og svipptur til hovudstaden der planen er å helse på fleire av landets matbloggarar, og heie på dei som har blitt nominerte til ulike kategoriar og Årets Matbloggar. Det blir stas!Ønskjer deg ei fin-fin veke, men innekos og tende lys!

Mandag

søtpotet pizza

Søtpotetpizza med kvit topping

Dette er ein av mine store favorittar og noko eg ofte lagar til meg sjølv når eg har lyst på litt betre lunsj eller er fysen på noko på kveldstid…. Fortsett å les »

Tysdag

blask pepper sauce wok

Black pepper sauce wok

Dette er ein av mine asiatiske favorittar og det var god stemning i heimen då vi fann ut av vi kunne lage sausen sjølv, utan å kjøpe ein ferdig pakke!… Fortsett å les »

Onsdag

fiskegrateng med spinat og parmesan

Fiskegrateng med spinat og parmesan

Fiskegrateng med spinat og parmesan er ein grøn vri på den tradisjonelle fiskegratengen. Spinat er jo grønt og sunt utan å smake så veldig mykje, og dermed perfekt å blande… Fortsett å les »

Torsdag

jordskokksuppe med sprøstekt spekeskinke

Jordskokksuppe med sprøsteikt spekeskinke

Jordskokk er i sesong ein bitteliten del av året, og då gjeld det å nytte denne knallgode rotgrønsaka for det den er verdt. I Malaysia fann eg den under det… Fortsett å les »

Fredag

tortilla pizza

Tortillapizza med tacokjøtt

Tortillapizza er ein av mine favorittar når eg har lyst på noko godt, men ikkje vil bruke tid på kjøkkenet. Her trengst det ingen heving, benken blir ikkje skitna til,… Fortsett å les »

Laurdag

verdens beste finnbiff

Viltgryte med reinskav

Viltgryte med reinskav er haustgryte delux! Gode smakar kokt saman og servert rykande varmt med søtt syltetøy til og gjerne ei raus skei potetmos. All den kantarellen vi plukka tidlegare… Fortsett å les »

Søndag

enkel kylling satay

Kylling satay og peanøttsaus

Kylling satay og peanøttsaus var alltid safe å velje frå menyen uansett kvar vi skulle ete det året vi tilbrakte i Asia. Dette er ein rett som det finnast veldig… Fortsett å les »

Noko godt

Pepperkaker (god deig å bake!)

3dl vatn ½dl lys sirup 2ss kanel 2ss nellik 2ss ingefær 750gr sukker 2ss natron 425gr smør ca 1400gr kveitemjøl   Bland saman vatn, sirup, krydder og sukker og gi… Fortsett å les »

Vekas brødmat

Eltefri rundstykke til hytteturen

  Eltefri rundstykker er og blir ein favoritt, og då må vi sjølvsagt lage det når vi er på hyttetur også. Har du ikkje gryte og utstyret du treng seier… Fortsett å les »

Vekas kake

bringebærkake på nøttebunn

Bringebærkrem på mandelbotn

Bringebærkrem på mandelbotn er ei flott kake å setje på kakebordet, og med sin freshe rosa farge skil den seg litt frå dei fleste andre kaker. Mandelbotnen er perfekt å… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.